Bø-brørne og Norge gjekk inn til stafett-sølv

SØLVGUTANE: Lars Helge Birkeland, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø står og ser siste etappe på dagens skiskyttarstafett.

SØLVGUTANE: Lars Helge Birkeland, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø står og ser siste etappe på dagens skiskyttarstafett. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKISKYTING: Tarjei Bø unngjekk strafferundar etter seks ekstraskot, og Johannes Thingnes Bø gjekk ei kanonetappe. Men gullet rauk på siste skyting.

DEL

Norge, med begge Bø-brørne på laget, tok fredag sølv på ein høgdramatisk stafett i OL i Pyeongchang. Norge kjempa om gullet heilt fram til siste skyting, men under vanskelege skyteforhold rauk gullet etter ei strafferunde på Emil Hegle Svendsen.

– Det var kjempespennande. Vi veit at det alltid kokar mot slutten, og siste skyting er alltid ein x-faktor. Det såg umuleg ut å skyte, og eg unnar verkeleg ikkje Emil den kjensla av å stå der, seier Tarjei Bø til NRK etter løpet.

Seks bom på Tarjei

Etter to ekstraskot på Lars Helge Birkeland, vart på Tarjei Bø veksla i gang på andre etappe 24. sekund bak Tyskland. Bø heldt god fart i sporet, og kom inn som nummer to på liggande skyting. Men med tre bomskot måtte han bruke alle sine ekstraskot.

Han unngjekk strafferundar, men ved første sekundering etter skyting var han 45,5 sekund bak Tyskland.

På ståande skyting vart heile tetgruppa snudd på hovudet. Tyskland og Benedikt Doll måtte ut i strafferunde, og Tarjei Bø hadde sjansen å gå ut i tet. Men også stryningen sleit på skytinga, og måtte bruke alle sine ekstraskot også på denne skytinga og gjekk ut på fjerdeplass 32 sekund bak Tsjekkia.

Kanonetappe av Johannes

Då Johannes Thingnes Bø vart veksla i gang av sin eldre bror, var han 31 sekund bak teten.

På kort tid tetta han luka til dei to bak Tsjekkia, og på liggande skyting angreip han ytterlegare. Medan Soukup og Tsjekkia måtte bruke eit ekstraskot, skaut Johannes ein lynrask serie rett ned. Berre 3,2 sekund var avstanden bak teten etter skyting, og på kort tid tok han både leiinga og skaffa seg ei luke.

24-åringen kom inn som einsam majestet på ståande skyting, men skyteforholda var svært utfordrande. Dette stoppa han ikkje frå å få dei fire første blinkane ned i stort tempo, men med eit bomskot på siste måtte han bruke eit ekstraskot.

Skaut vekk gullet

Stryningen gjekk likevel ut i tet, med Sverige like bak. Ved veksling sende han Emil Hegle Svendsen ut i tet, 0,4 sekund før Sverige.

Ved førte skyting skaut både trønderen og svenske Fredrik Wilhelm Lindström fullt hus. Men Sverige var raskast på avtrekkaren og gjekk ut i ei knipen leiing.

Dei same to skulle duellere på siste skyting, men her skaut Svendsen vekk gullet. Medan Lindström fekk ned alle blinkane etter eitt ekstraskot, måtte Svendsen ut i strafferunde etter å ha brukt opp ekstraskota.

Johannes' tredje – Tarjei sin første

Tarjei hadde frå før gull på skiskyttarstafetten i Vancouver i 2010. Medaljefangsten i Pyeongchang hadde derimot mangla for 29-åringen fram til fredagens stafett.

Johannes Thingnes Bø skreiv historie då han på 20-kilometeren gjekk til topps, og sikra Sogn og Fjordane sitt første individuelle OL-gull nokosinne. Yngstebror Bø følgde opp med ei kanonetappe på miks-stafetten, og sikra seg og Norge sølvmedalje, og med stafettsølvet på fredag tok han sin tredje OL-medalje i Pyeongchang.

Artikkeltags