Johannes (26) tilbake frå «pappaperm»: – Det var endå større enn eg trudde det kom til å vere

TILBAKE: Johannes Thingnes Bø skal gå sitt første verdsuprenn etter at han blei pappa. Bildet er frå fellesstarten for skiskyttarane på Sjusjøen i november 2019.

TILBAKE: Johannes Thingnes Bø skal gå sitt første verdsuprenn etter at han blei pappa. Bildet er frå fellesstarten for skiskyttarane på Sjusjøen i november 2019. Foto:

14. januar vart han og kona Hedda foreldre for første gong. Denne helga er Thingnes Bø tilbake for å gå verdscup.

DEL

– Eg er ikkje utkvilt og fekk ein liten knekk etter at eg reiste heimanfrå. Eg har ikkje gjort anna i dag enn å sove, seier stryningen til NRK.

Han går difor inn mot konkurransehelga med ei heilt anna forventing enn han brukar.

– Eg kan ikkje forvente å levere på same nivå som før jul. No må eg gå inn med låge skuldrer og prøve å gløyme at eg vanlegvis har lyst til å vinne, seier han.

Landslagstrenar Siegfried Mazet trur også han kan få det tungt på torsdagens 20 kilometer.

– Det fyrste rennet vil kanskje ikkje gå så bra, men seinare i helga trur eg han vil vere «back in business», seier Mazet til NRK.

Martin Fourcade har vunne dei fire siste verdscuprenna og har tatt over leiartrøya. Han har no 507 poeng, medan Thingnes Bø har 374 og ligg på ein 7.-plass. Storebror Tarjei Bø har 391 og ligg på 4.-plass samanlagt.

26-åringen trur verdscupen samanlagt er tapt.

– Fourcade har tatt eit stort grep om verdscupen totalt. Vi er bitre konkurrentar og det var kjedeleg å ikkje få utfordre han når han gjer det så bra.

Torsdagens løp i slovenske Pokljuka startar klokka 14.05.

Les fleire nyheiter frå lokalsporten her.

Artikkeltags