Skaut seg vekk i OL-opninga

BOM: Johannes Thingnes Bø var ikkje nøgd etter sprinten i Alpensia Biathlon Centre under vinter-OL i Pyeongchang. Han enda med fire bom på sprinten, og ein 31.-plass.

BOM: Johannes Thingnes Bø var ikkje nøgd etter sprinten i Alpensia Biathlon Centre under vinter-OL i Pyeongchang. Han enda med fire bom på sprinten, og ein 31.-plass. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKISKYTING: Det var ingen jubeldag for dei norske under sprinten i Pyeongchang.

DEL

Ingen av dei norske kom på pallen på den første øvinga for herrane i skiskyting i OL i Pyeongchang i Sør-Korea.

Det er stort sett på grunn av prestasjonane på standplass. Også dei to håpa frå Sogn og Fjordane skaut seg vekk i jakta på medalje.

– Dette var ingen god dag. Eg opna nok for raskt , men det hadde ingenting å seie på liggande skyting. Det vart eit rotete løp, der eg ville for mykje, seier Johannes Thingnes Bø til Eurosport.

Tarjei Bø var den første av håpa frå fylket som la seg på stavane, men med to bom på første liggjande var det berre å gløyme draumen om medalje.

Så var det veslebror Johannes Thingnes Bø som kom inn på standplass, han gjorde det hakket vanskelegare for seg sjølv, og bomma på tre blinkar.

Når han i tillegg fekk ein bom på den andre skytinga, var sprinten mislykka.

– Eg er utruleg skuffa, eg takla ikkje vinden, seier han.

For storebror Tarjei gjekk det litt betre på den andre skytinga, der han skaut full hus. Han gjekk dermed i mål først av dei to. Likevel har begge gitt seg sjølv eit tøft utgangspunkt framfor jaktstarten.

Tarjei enda på 13.-plass, medan Johannes var nummer 31.

Også favoritt Martin Fourcade skaut tre bom på første skyting, ein som derimot gjorde det svært godt var tyske Arnd Peiffer. Null bom, bra fart i sporet. Slikt luktar det OL-gull a.

Artikkeltags