Dette har ikkje Tarjei gjort på fire år

Tarjei Bø gjekk i mål med beste tid på 10 km sprint i verdenscupen i skiskyting i Östersund i Sverige laurdag.

Tarjei Bø gjekk i mål med beste tid på 10 km sprint i verdenscupen i skiskyting i Östersund i Sverige laurdag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SKISKYTING: Tarjei Bø avslutta sprinten i Östersund med å slå alle.

DEL

Han gjekk ut med startnummer 94 på brystet, lenge etter dei fleste andre storekanonar, men då Tarjei Bø passerte målstreken på sprinten i verdscupen i svenske Östersund, var det ingen som hadde greidd å levere eit like bra renn.

For høg fart i sporet, og berre ein bom på standplass, gjorde at Tarjei Bø kryssa mållinja med bestetid, og sikra seg med det sesongens første verdscupsiger, til liks med det bror Johannes Thingnes Bø gjorde på normaldistansen for nokre dagar sidan.

Thingnens Bø på si side fekk løpet øydelagt på første skyting, der han fekk tre bom. Han vart nummer elleve.

Tarjei Bø var sju tidelar framfor franske Martin Fourcade i mål, og tok med det sin første siger på fire år.

Artikkeltags