Førde-jenta Karoline Erdal vart fredag føremiddag verdsmeister i skiskyting. Under meisterskapen i Romania vann Førde-jenta sprinten i rein utklassingsstil, og var innpå halvminuttet raskare enn den norske lagvenninna, Emilie Kalkenberg, som fekk sølvmedaljen.
- Eg er så glad. Eg har aldri følt det slik som dette tidlegare. Men denne kjensla er det beste eg har opplevd, jubla Erdal overfor Norges Skiskytterforbund sin representant i Romania rett etter målgang.
Og ho la til:
- Eg er så glad, og så stolt over meg sjølv, strålte Førde-jenta.
Fullt hus
Erdal skaut fullt hus på den første liggande skyting, og med berre ein bom på ståande, var det ingen av konkurrentane som var i nærleiken av å hamle opp med ho.
På torsdag vart Erdal nummer seks på normalprogrammet, og på samme måte som ho den dagen var blant dei raskaste i sporet, så var det ingen kunne følge ho på sprinten i dag.
Til helga skal Erdal også gå stafett under junior-VM i Romania.