– Det er sjølvsagt veldig moro og veldig stort, seier Karoline Erdal.
19-åringen sit på Gardermoen då Firda snakkar med ho.
Destinasjon? Östersund og verdscup i skiskyting.
– Eg fekk beskjeden etter IBU-rennet på fredag. Dette er ein ny bonus for meg, seier Erdal.
- LES OGSÅ: – Dette var målet neste år, ikkje i år
Jubelår
Året 2016 har vore eit kanonår for den talentfulle skiskyttaren frå Førde, og det starta med at ho i januar vart ho sprintverdsmeister i ungdomsklassen i junior-VM. Tidleg i november vart ho beste norske i sesongopninga på Beitostølen med 4.-plass på fellesstarten.
Dette gjorde til at ho vart utteken til IBU-cupen på Beitostølen i helga som var. I sin internasjonale debut på seniornivå vart ho nummer sju på sprinten fredag.
Og no vert altså jubelåret toppa med verdscupdebut i Sverige kommande onsdag. Då står ho på startstreken på 15 kilometer normaldistanse.
– Å få gå World Cup allereie no blir ei veldig god erfaring for meg. Dette gler eg meg veldig til, seier Erdal.
Går fleire renn
I tillegg til normalen skal førdianaren også gå sprint laurdag og jaktstart søndag.
– Etter desse renna blir det fullt fokus på juniorsesongen. For det er junior-VM som er det store målet for sesongen i år, seier Erdal.
Junior-VM blir arrangert i Russland i slutten av februar.

Verdsmeister imponert av Karoline Erdal
Landslagstrenaren: – Ho er i form
Trenar for kvinnene sitt elitelandslandslag, Stian Eckhoff, seier følgande til Firda om at Karoline Erdal får prøve seg mot dei største stjernene i skiskyttarsirkuset denne veka:
– Vi har ein del som slit med skader og sjukdom, og då opna det seg opp rom for å ta med nokre juniorar. Det er både for læringa og opplevinga sin del. Å få vere med på verdscup vil vere motiverande, seier Eckhoff.
Landslagstrenaren er klar på at han ikkje forventar noko som helst når det gjeld prestasjonar i verdscupen.
– Ein må hugse at Karoline er junior og ho må ta stega naturleg. Men jenta er i form og det blir spennande å sjå ho mot dei beste. Det er nok nokre steg opp til toppen, men gjer ho eit godt løp skal ho vere fornøgd. Eg forventar ingenting, seier Eckhoff.
Verdscupveka i Östersund starta søndag med mix-stafettar. Johannes Thingnes Bø gjekk siste etappe for Norge, og han gjekk laget inn til siger.
Storebroren Tarjei slit framleis med helsa, og han er difor ikkje med.