Internasjonale oppdrag må vente

Verken Karoline Erdal eller Håvard Gutubø Bogetveit kom med dei norske troppene som vart teke ut måndag.

Verken Karoline Erdal eller Håvard Gutubø Bogetveit kom med dei norske troppene som vart teke ut måndag.

Artikkelen er over 2 år gammel

SKISKYTING: Uttaka til internasjonale renn er klare.

DEL

Norges skiskytterforbund tok måndag føremiddag ut løparane som skal forsvare dei norske fargane i sesongens første verdscup- og IBU-løp. Og bortsett frå strynebrørne Tarjei og Johannes Thingnes Bø, var det ikkje plass til fleire lokale løparar. Noko som betyr at verken Håvard Gutubø Bogetveit eller Karoline Erdal vart funnen plass til denne gongen.

Rett under

Herreløparen Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde hadde ein godkjent start på sesongen i helga, og i det knalltøffe internasjonale feltet på Sjusjøen vart han nummer 27 på sprinten og nummer 25 på fellesstarten. Men sjølv om han hadde fleire meritterte utanlandske verdscupløparar bak seg på resultatlistene begge dagane, så var hans plasseringar som 13. og 15. beste norske herreløpar akkurat ikkje godt nok til å komme med på dei første uttaka til internasjonale oppgåver. Totalt har nemleg 13 herreløparar fått klarsignal til dei første internasjonale løpa i 2017/18-sesongen.

– Sett på bakgrunn av at eg har vore sjuk i store delar av oktober, og dermed gått glipp av viktige deler av oppkøyringa, er eg godt nøgd med helgas løp. På standplass gjekk det bra, medan eg framleis har litt meir å gå på i sporet, seier Gutubø Bogetveit som allereie til helga håpar å markere seg betre når dei beste nasjonale løparane konkurrerer på Geilo.

Løparane frå Sogn og Fjordane fekk følgande plasseringar på sprinten laurdag:

Nr. 3: Johannes Thingnes Bø, Markane

Nr. 5: Tarjei Bø, Markane

Nr. 27: Håvard Gutubø Bogetveit, Førde

Nr. 48: Asbjørn Wold, Vik

Nr. 71: Johan Eirik Meland, Markane

Nr. 102: Ole Martin Erdal, Førde

Nr. 135: Joar Turvoll, Vik

Nr. 159: Endre Wold, Vik

På fellesstarten søndag vart Håvard Gutubø Bogetveit nr. 25, medan Asbjørn Wold frå Vik vart nummer 40 av dei 40 som fekk gå i eliteklassen.

Førde-jenta Karoline Erdal stod over sesongopninga på Sjusjøen sist helg, då ho har hatt for høg totalbelastning på kroppen i ein periode. Ho ventar med å konkurrere til det nærmar seg juletider.

Troppane

Dette er troppane til verdscupen i Østersund i Sverige 25. november til 3. desember:

Kvinner:

Tiril Kampenhaug Eckhoff, Fossum

Hilde Fenne, Voss Skiskytterlag

Kaia Wøien Nicolaisen, Asker Skiklubb

Marte Olsbu, Froland

Synnøve Solemdal, Tingvoll

Ingrid Landmark Tandrevold, Fossum

Herrar:

Lars Helge Birkeland, Birkenes

Ole Einar Bjørndalen, Simostranda

Johannes Thingnes Bø, Markane

Tarjei Bø, Markane

Henrik L`Abée-Lund, Oslo skiskyttarlag

Emil Hegle Svendsen, Trondhjems skiskyttere

Til IBU-cupen på Sjusjøen kommande helg stiller Norge med følgande løparar:

Kvinner:

Thekla Brun-Lie, Oslo skiskyttarlag

Eline Grue, Kvikne

Emilie Kalkenberg, Skonseng

Karoline Knotten, Vingrom

Turi Storstrøm Thoresen, Alvdal

Lene Berg Ådlandsvik, Sørskogbygda

Menn

Erlend Øvereng Bjøntegaard, Beveren

Tarjei Bø, Markane

Vetle Sjåstad Christiansen, Geilo

Vegard Bjørn Gjermundshaug, Alvdal

Fredrik Gjesbakk, Bossmoamp;Ytteren

Aslak Nenseter, Bø skiskyttarlag

Sindre Pettersen, Nittedal skiskyttarlag

Fredrik Mack Rørvik, Målselvs skiskyttere

Artikkeltags