Gjekk på tryne då han jakta VM-medalje

UNDER SPRINTEN: Jon Rolf Skamo Hope (19) frå Hyen kom langt under søndagens sprint, men eit fall sørga for sisteplass i finalen.

UNDER SPRINTEN: Jon Rolf Skamo Hope (19) frå Hyen kom langt under søndagens sprint, men eit fall sørga for sisteplass i finalen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SPORT: – Bittert, seier Jon Rolf Skamo Hope som enda på sisteplass i sprintfinalen under junior-VM i Sveits.

DEL

– Eg er ikkje nøgd med sjetteplass, så det er bittert. Det hadde vore artig å tatt medalje når eg kom så langt. Men eg får berre sjå positivt på det. Det kjem fleire sjansar.

Det seier langrennskometen Skamo Hope frå Hyen, som no stiller i sitt siste junior-VM i Goms, Sveits.

Starta fint

Med ein niandeplass i sprint-prologen, kom han seg vidare til kvartfinalen med god margin. Han var uheldig med starten på semifinalen, men enda likevel i finalen.

Der spurta han om tredjeplassen, før han tryna og sleppte alle andre forbi.

Kor godt kunne du gjort om du ikkje tryna?

– Eg følte meg eigentleg veldig sterk i dag. I tillegg blei eg plassert i det siste heatet både i kvart- og semifinalen, som gjer at ein får mindre press. Så eg trur eg skulle klart medalje, sjølv om det sjølvsagt er vanskeleg å seie no.

Tett rennprogram

Skamo Hope har heldigvis fleire sjansar til medalje i dagane som kjem. På tysdag stiller han i 10 kilometer klassisk. Om han gjer det bra der, ventar duatlon på torsdag. Så blir det stafett på laurdag.

Kor er medaljesjansane størst?

– 10 kilometer klassisk. Så det blir spennande!

Det blir siste junior-VM for 19-åringen Skamo Hope. Neste mål er World Cup.

– Eg kjem til å fokusere på senior-VM og komme opp i sjiktet på World Cup. Så er planen å komme på rekruttlandslaget og elitelaget etter kvart, seier han.

Artikkeltags