Førde-løparen Gjøran Tefre starta 30 sekund bak den meritterte langrennsløparen Petter Northug jr. i norgescupen på Gålå fredag, og tok igjen det norske langrennsidolet i løypa då det var omtrent fem kilometer igjen. Men innover mot mål makta ikkje Tefre å halde følge med Northug sitt avslutningstempo, og trønderen tok tilbake fem av dei sekunda Tefre hadde teke innpå. Og i mål skilde det 25 sekund i favør av Førde-løparen.

Tett som hagl

Men i kampen mot dei aller beste var dette likevel ikkje godt nok. Til slutt vart Gjøran Tefre nummer 11 i det jamne løpet. Hadde Tefre gått 18 sekund raskare, så kunne han ha sikra seg plass på sigerspallen.

Den bestod av trioen Anders Gløersen (Rustad), Mathias Rundgreen (Byaasen) og Eirik Sverdrup Augdal Ringkollen). Petter Northug jr. (Strindheim) vart på side nummer 17 i det nasjonale rennet.

Sprint på laurdag

Laurdag vert det konkurrert i sprint på Gålå, medan det er klassisk renn på søndag.

Etter helgas renn blir den norske troppen til verdscupløpa på Lillehammer teke ut.

Dei to Førde-løparane Torstein Bu og Adrian Helgheim vart høvesvis nummer 40 og 123 under rennet fredag. Totalt fullførte 156 løparar rennet.