Gå til sidens hovedinnhold

Skandalekamp i Florø

Artikkelen er over 16 år gammel

Tre raude og ti gule kort var mellom ingrediensane i oppgjeret mellom Florø og Tornado Måløy i går kveld. Det enda med at dommar Geir Erling Heien nekta å fullføre kampen.

Kampane mellom dei to laga har etterkvart blitt særs så ampre. I går fekk Florøs Frode Svardal, Tom René Ørnehaug og trenar Bengt Solheim-Olsen alle raude kort.

Etter det Firda erfarer, enda det heile med at dommar Geir Erling Heien nekta å fullføre kampen med ti minutt igjen å spele. Då hadde kampen komme heilt ut av kontroll.

Observatøren mekla

Dommarobservatør Robert Endestad skal ha gått imellom partane og mekla. Kampen vart så fullført med Ragnar Åmot som dommar.

-Eg kan ikkje kommentere kva som skjedde enno. Dette må vi ta opp med fotballkrinsen, og så får vi ta det igjen seinare når rapporten ligg på bordet, seier dommarobservatør Robert Endestad.

Han var i går særs vanskeleg å få tak i, då han hadde nok å hengje fingrane i etter kampen.

Varslar oppvask

I Førde sat krinsleiar Tore Dvergsdal i middag med sentrale personar i fotballforbundet, då han fekk telefon om det som gjekk føre seg i Florø.

No varslar Dvergsdal full oppvask med Florø Sportsklubb.

-Eg har nett hatt ein samtale med leiaren i Florø, og bede om eit møte med klubbleiinga måndag. Vi må diskutere stoda i klubben, etter alt vi har opplevd rundt Florø i det siste, seier han.

For Florø har vore i vinden også tidlegare denne sesongen. Mellom anna borte mot Tornado Måløy, der trenar Bengt Solheim-Olsen vart utvist. Den gongen fekk han ei kraftig bot.

Veit ikkje om liknande

No kan reaksjonane frå fotballkrinsen verte endå kraftigare.

-Vi må avvente til krinsen får inn rapportane før eg kan uttale meg noko meir. Men eg reknar med at begge partar er interesserte i eit møte. No må vi ta affære, seier Dvergsdal.

Han veit at det ikkje er vanleg at ein krinsleiar kallar inn til møte på denne måten. Det berre understrekar alvoret bak krinsen sitt syn på situasjonen rundt Florø.

-Dette toppa seg med kampen i går. Vi må vise handlekraft, noko eg også hadde venta meg frå Florø si side etter det som skjedde sist, seier krinsleiaren.

Han kan ikkje hugse å ha opplevd tre raude og ti gule kort i ein 3. divisjonskamp tidlegare.

-Det er heilt ekstremt, nikkar Dvergsdal.