Skåla Opp mot nye høgder

Folksamt på toppen av Skåla etter målgang i fjorårets løp.

Folksamt på toppen av Skåla etter målgang i fjorårets løp. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Langt over tusen er allereie påmelde til sommarens motbakkefest.

DEL

Fjorårets Skåla Opp hadde i alt 1 730 registrerte deltakarar, og alt no er 1 300 påmelde til årets arrangement. - Det lovar svært godt, smiler løpsleiar Erik Brendefur.

Jubileum

Det etterkvart tradisjonsrike motbakkeløpet med start i Loen, og målgong 1848 meter høgare oppe, vert laurdag 13. august arrangert for tiande gong.

I det høvet vert det sett opp premiar på heile 100 000 kroner både i herre- og dameklassa, om dei respektive løyperekordane skulle stå for fall, noko løpsleiaren slett ikkje utelukkar er mogleg denne gongen.

Store namn

Både verdas beste motbakkeløpar Jonathan Wyatt og europameister Ahmet Arslan frå Tyrkia stiller nemleg til start.

- Førstnemnde kjem frå New Zealand, er seksdobbelt verdsmeister og held alt løyperekorden på Skåla, fortel Brendefur. Vidare trur han løparar som David Schneide (SUI) og Thomas Bereket (ERI) kan bli sterke utfordrarar.

I tillegg er det fleire gode løparar frå Storbritannia med i år, samt at majoriteten av løparane sjølvsagt kjem frå Norge. Mellom anna stiller langrennsløparane Odd-Bjørn Hjelmeset og Roger Aa Djupvik.

Sterkt felt òg i dameklassa

I dameklassa er det italienske Antonella Confortola Wyatt, engelske Lauren Jeska, Thea Lillehov frå Austerrike samt løyperekordinnehavar Anita Håkenstad Evertsen naturlege favorittar.

- Og kanskje dukkar det opp fleire utfordrarar, undrar Brendefur.

Konkurranseklassa i årets Skåla Opp har alt vore fullbooka i lang tid. - Men det er ledig og fritt føre å melde seg på i trimklassa, inviterer løpsleiar Erik Brendefur.

Artikkeltags