Skåla Opp er fullt

Skåla Opp luktar på ny rekord.

Skåla Opp luktar på ny rekord. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Må stenge påmeldinga ni månadar før løpet.

DEL

I fjor sette Skåla Opp ny deltakarrekord med heile 1780 registrerte utøvarar på toppen av det 1843 meter høge fjellet. Noko som i praksis kunne bety at omtrent 2500 personar var oppe i fjellsida i løpet av denne konkurransedagen.

Må stoppe

Og skal ein dømme etter påmeldingane til Skåla Opp neste år, så vil ikkje deltakartalet stoppe på 1780. For allereie no må arrangøren sette ein stoppar for påmeldingane, og opererer med venteliste ei tid framover.

– Vi har nådd 800 løparar i konkurranseklassa, og har dessutan omtrent 200 i trimklassa. Så 1000 påmelde løparar ni månadar før konkurransedagen er heilt fantastisk, seier Skåla Opp-sjefen.

Eitt år føre

Og interessa for Skåla Opp kan best dokumenterast på denne måten:

  • I 2008 var 600 plassar fullteikna i august.
  • I 2009 var 700 plassar fullteikna i juni.
  • I 2010 var 700 plassar fullteikna i mars.
  • I 2011 var 800 plassar fullteikna i januar.
  • I 2012 var 800 plassar fullteikna i november året før.

– Eg trudde ikkje det var mogleg. No har vi passert 800 påmelde konkurranseløparar utan at vi har marknadsført dette løpet i det heile. Viss dette held fram slik, er vi snart fullteikna for neste år den dagen løpet vert arrangert, seier Erik Brendefur om landets mest populære motbakkeløp.

– Førebels kan vi ikkje hamle opp med Stolzekleiven Opp i Bergen som har innpå 4000 deltakarar. Men husk at medan det løpet har ei vinnartid på åtte minutt, så er vinnartida i Skåla Opp nesten ein time meir, seier Brendefur.

Dei beste kjem

Og når det gjeld dei beste løparane ser Brendefur at allereie no er fjorårsvinnaren Ahmet Arslan frå Tyrkia klar for nytt løp i august 2013.

– Ja, Arslan har allereie signalisert at han kjem for å sette nok ein ny løyperekord. Og elles reknar eg med at det vil komme mange førespurnader i tida som kjem når det ryktast at vi er fullteikna allereie, seier Brendefur.

Då Skåla Opp vert delvis arrangert inne i Jostedalsbreen Nasjonalpark, er det Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som har bestemt at berre 800 løparar skal få delta i konkurranseklassene.

– I trimklassene er det derimot ikkje noko avgrensing i deltakartalet. Der kan folk berre melde seg heilt fram til konkurransedagen, seier Brendefur.

Skåla Opp 2013 vert arrangert laurdag 17. august.

Artikkeltags