– Dette lovar bra for sjakksporten

Stolte og glade sjakkgutar i nybegynnerklassen. F.v. Kristoffer Bjørklund, Nikolai Gloppestad, Ulrik S. Øygard, Tormod S. Felde, Jakob K. Thomsen

Stolte og glade sjakkgutar i nybegynnerklassen. F.v. Kristoffer Bjørklund, Nikolai Gloppestad, Ulrik S. Øygard, Tormod S. Felde, Jakob K. Thomsen Foto:

SJAKK: 25 barn og ungdom deltok på sjakkturnering på Sandane skule i helga.

DEL

I tillegg til Sandane sjakklubb sine 10 deltakarar, kom det også åtte frå Volda/Ørsta sjakklubb og sju frå Sunnfjord sjakklubb på besøk. Dette gjorde motstanden kjekkare, seier leiar i Sandane sjakklubb, Per Arne Bakke i ein e-post til Firda.

– Det var nesten som vi høyrde at det knaka rundt sjakkbretta.

Ifølgje Bakke har barna lært mykje sidan sist turnering.

– Det som var spesielt denne gongen var at vi hadde ei nybegynnarklasse. Her var barn heilt ned i 4-årsalderen og nokre så vidt starta i grunnskulen med. Etter så kort tid rundt sjakkbrettet var det utruleg kjekt å sjå kor mykje dei kunne. Dette lovar bra for sjakksporten, og vi ser stadig fleire sjakkinteresserte barnehageborn, seier han.

– Vi må også nemne at vi hadde fire andre klassar utanom nybegynnarklassa, og vi er stolte over å ha med eiga ungdomsklasse og, sjølv om vi gjerne skulle hatt med fleire sjakkspelarar der.

DELTAKARANE: 25 barn og unge var med då sjakklubben på Sandane arrangerte turnering 10. februar.

DELTAKARANE: 25 barn og unge var med då sjakklubben på Sandane arrangerte turnering 10. februar. Foto:

Artikkeltags