Det vart blanda drops for Tambarskjelvar-løftaren Vebjørn Varlid då han målte krefter i junior-VM i dag. I rykk vart det heilklaff med 159 kilo. Fire kilo meir enn persen, og ny nordisk rekord.

I støyt gjekk det ikkje like bra. Juryen underkjende det første forsøket hans, og det skapte litt kaos. I tredje forsøk kom han seg opp på 186 kilo.

Til saman enda Varlid på 11.-plass i a-pulja. Noko han var ganske nøgd med.

– Eg er strålande nøgd med rykket, der eg var åttande beste totalt og fjerde beste europear. Det gjekk ikkje så bra i støyt. Men la gå, eg godt nøgd med meisterskapen min totalt sett, seier Varlid til Firda.