Sett av 100 millionar

Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Innpå 100 millionar kinesarar såg Asgeir Årdal i første etappe i «China Tour de Ski».

DEL

Jølstringen Asgeir Årdal vart nummer tre i opningsrennet i «China Tour de Ski» søndag. – Det er heilt vanvittig stor interesse blant kinesarane for denne konkurransen. I følgje rennleiinga vart første etappe sett av mellom 80 og 100 millionar kinesarar på TV-kanalen CCTV5, seier 25-åringen som vart slegen av to svenske sprintarar i rennet i byen Xiwuqi indre Mongolia.

Resultat frå den første konkurransen i årets «China Tour de Ski». Løpet gjekk over 1,2 kilometer skøyting:

Herrar: 1: Anders Högberg, Sverige, 2: Johan Edin, Sverige, 3: Asgeir Mandelid Årdal, Jølster/Norge, 4: Sun Qinghai, Kina, 5: Mikko Maranen, Finland, 6: Xu Wenlong, Kina, 7: Aki Pajunoja, Finland, 8: Rémi Damevin, Frankrike, 9: Erki Jallai, Estland, 10: Erik Øvsthus Bakkejord, Norge

Artikkeltags