Sara og Marie (9) på Storehesten for tredje gong

Sara og Marie Grønnevik fekk seg ein velfortent matbit i skaret på veg opp på Storehesten. Her saman med pappa Ove Myrmel.

Sara og Marie Grønnevik fekk seg ein velfortent matbit i skaret på veg opp på Storehesten. Her saman med pappa Ove Myrmel. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

950 deltok, men ein bergensar gjekk til topps. Sjå stor biletserie!

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

For sjuande gong på rad vart Storehesten Opp arrangert. Og sjølv om ikkje vêret vart så godt som vêrmeldinga lova, var arrangørane nøgde med frammøte.

Sjå biletserien frå Storehesten Opp

- Om lag 950 har starta løpet opp i dag. Av dei har 700 starta i mosjonsklassen. Det er vi nøgde med når vêret vart slik, seier Helge Kårstad.

Skodde og regn

Dei ivrigaste var på staden allereie klokka 08.00 i dag tidleg, og vart møtte av litt regn og eit tungt skoddelag.

Det la nok ein dempar på stemninga før start.

Men oppe igjennom løypa steig humøret like bratt som fjellet.

Prosjekt-Storehesten

- Det er tredje gongen vi er på Storehesten Opp. Og vi går for å nå toppen, sjølv om det er bratt, seier Sara og Marie Grønnevik (9).

Dei har lagt ut på turen med faren Ove Myrmel, og alle er ved godt mot når første bit med næring vert teken inn fire kilometer før toppen.

- Jentene har 4H-prosjekt om Storehesten, så i år er det nesten programfesta å delta. Men dei har vore med sidan dei var 5 år, seier Myrmel.

Ingen jackpot

Arrangørane av motbakkeløpet og dagens NM, har lova ut ein jackpot på 200.000 kroner om ein mann spring på under ein time, eller ei dame kjem til topps på 1.13.

Raskast til topps var Torbjørn Thorsen Ludvigsen, som sprang på 1.06.19.

Dermed vert bonusen ståande også til neste år.

I dameklassa gjekk Kirsten Melkevik til topps, med tida 1.20.42.

Fungerte prikkfritt

Arrangementssjef Helge Kårstad, skryt av dugnadsinnsatsen som har blitt lagt ned i forkant av løpet.

- Alt har fungert knirkefritt. Vêret kunne vi ikkje gjere noko med, slik er det berre på desse kantar. Men vi kvir oss ikkje på å gå laus på eit nytt år, når vi ser kor godt det fungerte i år. Her har vorte lagt ned fleire hundre dugnadstimar, seier Kårstad, som sjølv stod bak ideen om å starte opp løpet i 2006.

Artikkeltags