Gå til sidens hovedinnhold

OL-draumen knust

Artikkelen er over 5 år gammel

SANDVOLLEYBALL: Det norske laget med Morten Kvamsdal og Christian Sørum makta ikkje å slå Belgia i omkampen som vart spelt fredagskveld. Då vert det ikkje noko norsk OL-deltaking i sandvolleyball.

Etter dei ordinære kvartfinalane mellom Norge og Belgia enda 1–1 vart det spelt ein «Golden match» kvartfinale der det skulle avgjerast kven som kom til semifinalen.

Denne kampen vart spelt av det norske laget Morten Kvamsdal og Christian Sørum og ikkje av Iver Horrem og førdianaren Geir Eithun.

Det belgiske laget gjedde Kvamsdal og Sørum tøff kamp og vant begge dei første setta som resulterte i at OL-håpet er ute for Eithun.

Tungt

– Det følast ikkje noko godt i det heile tatt, seier ein knust Geir Eithun til Firda etter kampen.

– Det var vondt å sjå omkampen, mykje verre enn å spele den sjølv. Når ein sitter der og veit at ein ikkje kan påverke spelet, så har ein ikkje det godt, fortel Eithun.

Geir Eithun og Iver Horrem makta ikkje å vinne kampen sin mot Belgia tidlegare i dag som resulterte i at det vart omkamp.

– Vi kjem seint ut i kampen, men klarer å vinne det første settet. Dei spelar godt og når dei får inn eit par servar i andre sett og setter press på oss, så kjem vi oss ikkje tilbake i kampen, seier førdianaren.

Legg opp

Makkaren til Geir Eithun, Iver Horrem, legg volleyballen på hylla og med det er misser Eithun lagkameraten som han har spelt med i sju år.

– Iver legg opp og no blir det eit evalueringsmøte etter denne turneringa. Der går vi igjennom kva som har skjedd, og så får eg sjå kva eg vel å gjere vidare, seier Geir Eithun.

– Du vel å halde fram med volleyballen?

– Det er ein del av meg som framleis har lyst å spele volleyball. Men på sånne dagar vil ein eigentleg berre gje seg, fortel ein tydleg skuffa Eithun til Firda.

Kommentarer til denne saken