Gå til sidens hovedinnhold

– Det var ein heftig kamp

Artikkelen er over 6 år gammel

På vegen mot sigeren i Kristiansand Open måtte Lars Fredrik Tvinde og Hendrik Mol ut i ein kamp som var ekstra spesiell.

– Det var utruleg kjekt å vinne. Ekstra moro var det sidan det var den siste turneringa for meg og Hendrik denne sommaren, seier førdianaren Lars Fredrik Tvinde etter at han og makker Hendrik Mol vann Norgestour-turneringa Kristiansand Open.

Familieduell

I finalemøtet med Christian Sørum og Runar Sannarnes vann Tvinde og Mol 2–0 i sett (22-2, 21-16).

– Sørum/Sannarnes er regjerande vinnarar i U22-EM, medan vi tok sølv i U23-VM. Så det var ein heftig kamp! Men det var utruleg deilig å vinne finalen, seier Tvinde.

For Hendrik Mol sin del var semifinalen ekstra spesiell. Der møtte dei nemleg Mathias Berntsen og Anders Mol. Sistnemnde er Hendrik sin bror, medan Mathias Berntsen er søskenbarnet.

– Det er alltid mykje å forsvare når vi møter dei to, for dei er veldig motiverte for å slå oss. Dei er litt yngre, så det er vanskeleg å setje seg sjølv i angrepsposisjon, men det lukkast vi med denne gongen. Sjølvsagt er det viktig å gå sigrande ut av den duellen, seier Hendrik Mol.

Innandørs neste

Tidlegare i sommar var Mol og Tvinde i Japan på World Tour-turneringa Yokohama Open. Det gav minner dei aldri vil gløyme.

– Då tok vi vår første siger i World Tour nokon gong då vi slo eit svetsisk par. Turen til Japan var ei fantastisk oppleving for oss, seier Tvinde som no er i ferd med å starte oppkøyringa til innandørssesongen saman med lagkameratane i Førde VBK.

– Ja, det er fokuset no. Eg trur vi har spennande ting på gang i Førde, så det blir kjekt å vere med på, seier Tvinde.

Kommentarer til denne saken