SAKNA: Fleire tøffe damer

Artikkelen er over 3 år gammel

– Nervane er komne, eg har nesten ikkje fått i meg mat, seier Anne-Tove Sande på startstreken til Vestlandets tøffaste terrengritt.

DEL

– Det skjer noko heilt ubevisst når det nærmar seg start. Nervane tek over kroppen, seier Anne-Tove Sande (40) like før ho syklar sitt tredje Postvegritt.

Før start meiner trebarnsmora at forma er litt groggy og anslår at ho ligg på ein sjuar på skalaen.

– Målet er å komme heil i mål og slå mi eiga tid, seier Sande som syklar for Dale IL.

Av 58 deltakarar i det som går for å vere Vestlandets tøffaste terrengritt var berre fire kvinner. Det er for lite, meiner Sande.

– Det spørst om nokon har late seg skremme. Vi veit jo at det er eit tøft ritt med bratte utforkøyringar. Tidlegare har det vore nokre parti der eg i lykkerus har tenkt «yes, eg overlevde i år og», men ein må jo berre trene litt så går det.

Ønskjer meir konkurranse

I år som i fjor er det blautt og vått enkelte stader i løypa på grunn av regn, men berre ein velta og braut løpet på grunn av skade. Syklistane kjem i puljer, pesande opp bratte skogsvegar. Så fresar dei vidare eit stykke på asfalt før dei set utfor ein ny, gjørmete skogssti. Til saman syklar dei 45 kilometer og 760 høgdemeter. Rundt om i løypa står både folk og fe for å heie på syklistane. Til slutt er det Magnus Lia som syklar for Hof sykkelklubb som kryssar målstreken først med tida 1:39:09. Hege Vagstad frå Dale IL er først av kvinnene med 2:00:46.

– Eg er veldig fornøgd. Eg drog sjølv i dag så eg har gjort jobben. Men vi treng fleire damer og enno hardare konkurranse, seier Vagstad etter rittet.

– Stol på farten og sykkelen

Anne-Tove Sande kjem i mål på 2:09:40, som er ei forbetring på

20 minutt frå i fjor som også var på vått underlag. Det er eit stort smil og ei drakt dekka av ein solid skitsprut som møter oss.

– I dag var det vått og gjørmete, så det var tungt, eg merkar at eg likar meg best i terrenget og synest asfalten er tung, seier Sande.

Tida er ho kjempefornøgd med.

– Eg persa veldig på vått underlag. Det var kjempekjekt. No er eg veldig glad og lykkeleg.

Før har ho lånt seg sykkel og syklar for første gong på eigen.

– I dei bratte partia er det viktig å ha god fart og stole på sykkelen. Det forstår eg meir og meir, seier Sande før ho spring i dusjen så ho skal rekke å vere vakt i barnerittet som går av stabelen etter hovudrittet.

Artikkeltags