Gå til sidens hovedinnhold

Rikke er nest best i landet

Artikkelen er over 12 år gammel

Rikke Rise Hallset (15) overraska både seg sjølv og andre på finfelten.

-Dette har gått over all forventning. Det er heilt fantastisk, seier Ålfoten-skyttaren.

Ho starta dagen med å skyte i det «dårlegaste» finalelaget på finfelten for eldre rekrutt.

Men det skulle snart vise seg at pila peika oppover. For Rise Hallset var nemleg mellom dei seks skyttarane som prikka inn 12 innertreff av 12 moglege på den første omgangen.

Deretter måtte ho gjennom tre omskytingar før det endeleg vart klart: Rise Hallset sikra seg sølv i feltskytinga for eldre rekrutt.

-Dette var ein skikkeleg opptur, seier ho til firda.no.

Florøs Sverre Nilsen låg på skive to i finalen etter 30/28 på den innleiande skytinga.

Han enda til slutt på 50. plass, etter at han «berre» skaut seks innertreff i finalen. Lagkamerat Lars Haugnes enda på delt 47. plass.