I 31 år har Florø Turn og Idrettsforening arrangert Rett Vest-løpet. Laurdag ettermiddag stilte godt 300 løparar på dei forskjellige distansane, med alt frå full maraton til barneløp/mosjonsløp.
Best igjen
Sjå også: Kjenner du nokon på Rett Vest?
Helge Hafsås vann som venta den lengste distansen, men var ikkje nøgd med tida på 2,50.
- Eg har hatt problem med eit kne i det siste, og har ikkje fått trent godt nok, sa Hafsås etter å ha fullført dei 42 kilometrane frå inst i Norddalsfjorden til Florø stadion på godt under tre timar.
Vedvik suveren
Førde-løparen Marius Vedvik vann 10 kilometeren, og vann i utklassingsstil.
- Eg er godt nøgd med denne sigeren. Neste helg er det Sentrumsløpet i Oslo som står for tur, og etter det er det Esefjorden Rundt i Balestrand.