Rekordpåmelding

Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Interessa for Skåla Opp oppheld seg definitivt ikkje i nokon motbakke.

DEL

Ti dagar før det populære motbakkeløpet La Sportiva Skåla Opp går av stabelen i Loen i Stryn kommune, kan arrangøren melde om rekordpåmelding, skriv dei i ei pressemelding.

Fullbooka i over eitt halvt år

Konkurranseklassa, med maksimalt 800 startande, har vore fullbooka i meir enn eit halvt år.

Om du ønskjer å delta, er det framleis mogleg å melde seg på i trimklassa som per no tel nærare 700 personar.

Kjende deltakarar

Blant deltakarane finn vi motbakkeløparar i verdseliten, både europameister Ahmet Arslan frå Tyrkia og verdsmeister Jonathan Wyatt frå New Zealand, samt fleire løparar på høgt nivå frå mellom anna England, Skottland og Tsjekkia .

Norske langrennsveteranar som Brå, Hjelmeset, Skjeldal og Aasen Ouren er òg klare til årets La Sportiva Skåla Opp.

Artikkeltags