Rekordane fall på Storehesten

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Ny deltakarrekord og ny løyperekord la grunnlaget for ein folkefest i praktvêret.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Jon Tvedt innfridde favorittstempelet, og vann herreklassen på 1.06,08.

Det er ny løyperekord på Storehesten Opp.

Men det var ikkje berre konkurranseløparane som var i fokus på Storehesten. Arrangementet vart nemleg reise folkevandringa, og trekte nærmare 1000 deltakarar opp på fjellet.

-Dette var ein vakker dag, seier Helge Kårstad hos arrangøren.

Førebelse overslag viser at 960 deltakarar gjekk til topps. I tillegg kjem ein del turgåarar som ikkje var registrerte. Tilsvarande tal for fjorårets løp var på 840.

-Heilt fantastisk. Vi fekk eit flott vêr, og arrangementet gjekk prikkfritt, smiler Kårstad.

Dameklassen vart vunne av Merete Helgheim frå Gloppen på 1.27,36 framfor Bodil Ryste frå Hovebygda.

Florø-løparen Norunn Stavø fall ikkje langt frå toppen, braut handa men kom seg likevel inn på tredjeplassen.

Her er dei beste i herreklassen:

1. Jon Tvedt, Gular 1.06,08

2. Øystein Sylta, Vidar 1.09,27

3. Tormod Tjørnholm, Kristiansand 1.10,34

4. Bjarne Nes, Sogndal 1.13,18

5. Morten Eilifsen, Rindals Troll 1.14,40

6. André Haugsbø, Gaular 1.15,11

Artikkeltags