Opseth senka Brann

Kristian Fardal Opseth.

Kristian Fardal Opseth. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

FOTBALL: Med fire scoringar av Kristian Fardal Opseth mot Brann er Sogndal på veg mot finalen i Color Line Cup i Ålesund.

DEL

Med far Lasse Opseth på tribunen vart det skikkeleg Opseth-show på Color Line stadion torsdag kveld. Den tidlegare Sogndal-profilen kom til Ålesund seint onsdag kveld, og fekk då sjå sonen Kristian spele eit par minutt før han vart skifta ut i oppgjeret mot Molde.

- Men då vi møtte Brann torsdag fekk Kristian spele heile kampen. Og då kvitterte han like godt med heile fire scoringar, smiler Torbjørn Glomnes og såg at Kaupanger-spelaren viste seg fram slik faren Lasse Opseth gjorde i sine glansdagar på Sogndal.

- Innafor 16-meteren er Kristian nærast ein tru kopi av faren. Han er sterk, flink til å halde motspelarane på avstand og ikkje minst sikker i avslutningane, seier Glomnes.

Med to sigrar på rad er Sogndal på veg mot finalen i årets Color Line Cup.

KAMPFAKTA

Color Line Cup

SOGNDAL-BRANN 4-2 (1-1)

Color Line stadion

Mål:

1-0 17 min Kristian Fardal Opseth

1-1 41 min (straffe)

2-1 47 min Kristian Fardal Opseth

3-1 71 min Kristian Fardal Opseth

4-1 74 min Kristian Fardal Opseth

4-2 90 min

Sogndal: Karl E. Lysne, Sogndal, Øystein Lerum, Sogndal, Even Hovland, Sogndal, Thomas Starheim, Eid, Per Egil Flo, Sogndal, Bernt Norevik, Førde (Thomas Ness, Sogndal i 65. min), Gisle Myhre, Tornado Måløy, Gøran Wigum, Sogndal (John Felipe Holmgren, Florø i 45. min), Sveinung Frantzen, Tornado Måløy (Jon Erik Myhre, Sogndal i 45 min), Kristian Fardal Opseth, Kaupanger, Oddbjørn Skartun, Sogndal (Alexander P. Øren, Høyang i 75. min)

Andre kampresultat i Color Line Cup torsdag:

Lyn-Molde 1-1

Midtjylland-Rosenborg 2-1

Les meir om kampen mellom Sogndal og Brann i papiravisa fredag:

Artikkeltags