Tarjei Bø (30) eig aksjar for fleire millionar i utanlandsk spelselskap

SKAL VURDERE INVESTERINGANE: Tarjei Bø frå Stryn har 180.000  aksjar i bettingselskapet Gaming Innovation Group. Her er han fotografert før verdscuprenn i Antholz.

SKAL VURDERE INVESTERINGANE: Tarjei Bø frå Stryn har 180.000 aksjar i bettingselskapet Gaming Innovation Group. Her er han fotografert før verdscuprenn i Antholz. Foto:

Og skiskyttaren er ikkje det einaste idrettsprofilen som har investert pengar i bettingselskap. Idrettspresident Tom Tvedt reagerer.

DEL

Det skriv VG.

– Dette er illojalt overfor alt det norsk idrett står for! Det er viktig å understreke at dette er aksjeinvesteringar og dermed ikkje ulovleg. Men det er likevel umusikalsk, seier Tvedt til avisa.

Aksjonærregisteret til fleire spelselskap viser at ei rekke noverande eller tidlegare idrettsutøvarar står oppført som medeigarar i utanlandske spelselskap, skriv VG. Vetle Sjåstad Kristiansen, Lars Iver Strand og Morten Gamst Pedersen er tre av namna som dukkar opp.

– Ukritiske

Ved inngangen til 2018 sat Tarjei Bø på 180.000 aksjar i Gaming Innovation Group, ifølge VG. Desse er i dag verdt 3,5 millionar kroner. På same tidspunkt i fjor var aksjeposten hans verdt over 11,3 millionar kroner. Sjåstad Christiansen har også ein aksjepost i selskapet.

I ein e-post til avisa skriv skiskyttarane følgande:

– Dette var private investeringar, på lik linje med andre investeringar vi har gjort på Oslo Børs, men vi ser no at dette er eit vanskeleg skilje opp mot idrettskvardagen vår. Investeringane blei gjort etter forslag frå private rådgjevarar. Vi blei nok ukritiske ettersom selskapet er børsnotert, og at det er mange seriøse, norske investorselskap på eigarsida.

Gaming Innovation Group driv ein rekke kasino på Internett. Internasjonale spelselskap har ikkje lov til å marknadsføre seg inn mot den norske marknaden.

Dette fordi dei er direkte konkurrentar til monopolet Norsk Tipping, som mellom anna gir store delar av overskotet til norsk idrett.

Ber skiskyttarane rydde opp

– Hensikta med den norske pengespelmodellen er å beskytte sårbare grupper mot å bli speleavhengige og gje mest mogleg til norsk frivilligheit, idrett og kultur, seier Henrik Nordal, avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.

– Kvifor er det problematisk at norske idrettsutøvarar har aksjar i utanlandske spelselskap?

– Enkeltpersonars investeringsval har ikkje Lotteritilsynet noko formeinig om, svarar Nordal.

Han viser til at det er forbode å formidle pengespel som ikkje har løyve i Norge. Dette gjeld også marknadsføring.

– Det er berre Norsk Tipping, Norsk Rikstoto og dei store landsdekkande lotteria som har lov til å marknadsføre pengespel på nett. Ingen utanlandske selskap har løyve til dette i Norge. Det finst heller ikke nokon «EU-lisens» for å tilby pengespel på den indre marknaden, seier han.

Norges skiskyttarforbund ber Bø og Sjåstad Christiansen rydde opp.

– Vi tek klar avstand frå det utøvarane her har gjort. Vi står bak einerettsmodellen, og oppmodar utøvarane å vurdere å trekke seg ut av dette selskapet, seier til Arne Horten, president i Norges skiskytterforbund til VG.

Bø og Sjåstad Christiansen seier dei skal vurdere korleis dei skal løyse saka etter sesongen.


Artikkeltags