Gokartbana i Kråkenesmarka får 350.000 kroner

FEKK GÅVE: Gokart-bana i Kråkenesmarka skal rehabliterast. Denne veka fekk dei pengegåve av Sparebanken Sogn og Fjordane.

FEKK GÅVE: Gokart-bana i Kråkenesmarka skal rehabliterast. Denne veka fekk dei pengegåve av Sparebanken Sogn og Fjordane. Foto:

No håpar NMK Sunnfjord at dei kan få gokart-NM til Førde i 2021.

DEL

– For ein klubb som NMK Sunnfjord så er dette fantastisk viktig. Vi har planar om å oppgradere og utvide gokartbana, og eit slikt beløp saman med tippemidlar hjelper oss verkeleg, seier Jarle Andre Tveit, leiar i NMK (Norsk Motor Klubb) Sunnfjord i ei pressemelding.

Gåva på 350.000 kroner kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, som vert forvalta av Sparebankstiftinga. Gåvesjekken vart overrekt onsdag kveld.

– Imponerer

– Dei fleste her visste at vi skulle få ei gåve, men ikkje alle visste kor mykje. Då summen vart kjend var det mange som reagerte kraftig. «Wow, dette var jammen bra», var det mange som sa, seier Tveit.

Roy Stian Farsund frå banken delte ut sjekken.

– NMK Sunnfjord har alltid imponert meg. Dei har ved hjelp av kløkt og ein imponerande dugnadsinnsats over mange år bygd eit anlegg det står stor respekt av, både i omfang og kvalitet. Dette gjer seg ikkje sjølv, så her har mange gode eldsjeler vore i sving, seier Farsund, som er banksjef for bedriftsmarknad i Førde.

LEIAR: Jarle Andre Tveit i NMK Sunnfjord.

LEIAR: Jarle Andre Tveit i NMK Sunnfjord. Foto:

Håpar på NM om to år

Målet til NMK Sunnfjord er å få gokart-NM i 2021.

– Det har vi som eit hårete mål, ja. For å få arrangere NM er det krav på kor stor bana må vere, og vi håpar at vi får dette i boks slik at vi får sendt ein søknad i 2020, seier Tveit.

Ved å utvide og rehablitere samstundes vert kostnaden på arbeidet redusert.

– Når utvidinga er på plass, kan ein også køyre motorsykkel på bana, og det er veldig positivt med tanke på trafikksikkerheit. Vi har mange glade medlemmer no, seier Tveit.

Klubben har nesten 200 medlemmer no, og dei håpar dei kommande planane gjer at dei held fram med å vekse.

– Vi har stor dugnadsvilje i klubben vår, og mellom anna med gåva vi no får frå banken, gjer at vi kan utvikle oss mykje og dermed få nye medlemmar, seier Tveit.

Artikkeltags