Vektløftings-EM gjekk med millionoverskot – no vil dei ha VM i Førde

STOR STEMNING: Kring 1100 tilskodarar løfta nesten taket i Førdehuset med jubelbrøl, då Europas beste vektløftarar konkurrerte i 2016.

STOR STEMNING: Kring 1100 tilskodarar løfta nesten taket i Førdehuset med jubelbrøl, då Europas beste vektløftarar konkurrerte i 2016. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SUNNFJORD: EM i vektløfting i 2016 vart ikkje berre ein sportsleg suksess. Meisterskapen gjekk også ein nesten ein million kroner i pluss. Det nye målet er å få vektløftings-VM til Førde i 2021, -22 eller -23.

DEL

– Eit VM bør kunne vere eit fint, identitetsbyggande fellesprosjekt for dei fire sunnfjordskommunane som no skal gå saman, meiner styret som no er i ferd med å avvikle EM-aksjeselskapet.

Dei er arrangørane Sykkelforbundet kan misunne. Sluttrekneskapen for den store vektløftingsmeisterskapen i Sunnfjord viser eit økonomisk overskot på 930.000 kroner. I tillegg, har arrangørane gitt vekk løfteutstyr for 3.8 millionar kroner til klubbar i Sogn og Fjordane og andre stadar i landet. Totalt kan ein snakke om eit overskot på 4,8 millionar kroner i pengar og utstyr. Store deler av dette fell no tilbake til laga og hjelparane som stod på med dugnadsinnsats for å få europameisterskapen til.

Suksess og rekorddeltaking

I tillegg, førte EM-arrangementet for eitt og eit halvt år sidan til at det på rekordtid vart bygd ein vektløftarhall til 11 millionar kroner i Naustdal. EM bidrog til å gi vektløftingsidretten i fylket ein markant oppsving, og det godt gjennomførte arrangementet med rekorddeltaking gav Sunnfjord marknadsføring gjennom tv-overføringane til heile Europa.

NØKTERNT: Millionoverskot, men ingen sjampanjeglas på bordet hos styret i EM-selskapet i Sunnfjord. F.v. Dag Rune Mallasvik, Stian Grimseth, Tom Farsund, Håkon Myrvang og Ove Varlid.

NØKTERNT: Millionoverskot, men ingen sjampanjeglas på bordet hos styret i EM-selskapet i Sunnfjord. F.v. Dag Rune Mallasvik, Stian Grimseth, Tom Farsund, Håkon Myrvang og Ove Varlid. Foto:

– Det var eit EM med omsetnad på 17,5 millionar kroner og stor risiko. Klart vi er nøgde med å kome ut med eit slikt overskot, seier styreleiar Stian Grimseth i arrangørselskapet, og dagleg leiar Tom Farsund.

Slik fordeler arrangørane pengeoverskotet: Tambarskjelvar IL får 580.000 kroner, og Førde IL 110.000, medan 75.000 kr går til Norges Vektløftarforbund.

57.000 kr er sett av til eit forprosjekt for eit eventuelt VM eller tilsvarande internasjonale meisterskap i Sunnfjord.

Og 50.000 kr går til utvikling av fagplan for vektløfting ved Naustdal barne- og ungdomsskule.

– Vi var veldig opptekne av økonomien, og at vi skulle styre etter inntektene. Visst hadde vi draumar, men vi investerte ikkje før vi hadde økonomien på plass, seier Grimseth.

– Vi tenkte nøkternt, legg Farsund til.

Fellesprosjekt i storkommunen

No har dei ein ny visjon: Å få lagt VM i vektløfting til Sunnfjord tre til fem år fram i tid.

– Dette er fullt mogleg å få til, sjølv om dimensjonane er to og ein halv gonger EM. Flaskehalsen kan bli overnattingskapasiteten, seier Stian Grimseth.

STORE PRESTASJONAR: Tunge løft imponerte publikum under vektløftings-EM i Førdehuset. Dette er Lasha Talakhadze, som vann den gjævaste klassen under EM.

STORE PRESTASJONAR: Tunge løft imponerte publikum under vektløftings-EM i Førdehuset. Dette er Lasha Talakhadze, som vann den gjævaste klassen under EM. Foto:

Men han ser allereie føre seg ei mogleg løysing:

– Vi kan inngå ein avtale med Hurtigruta, slik at dei legg eit skip i Førde medan VM går føre seg. På den måten kan vi få innkvartert dei som hotella og andre overnattingsstadar på land ikkje har plass til. Samstundes blir Hurtigruta profilert, seier han.

Vektløftingsarrangørane trur også eit VM kan gi høve til å få meir anleggsutbygging i Sunnfjord, slik at distriktet får ein arena som ikkje berre høver for vektløfting, men også held internasjonal standard for volleyball og handball.

– Eit vektløftings-VM i Sunnfjord vil vere ei kjempefin og viktig identitetsbygging for kommunane som skal slåast saman, trur Naustdals-ordførar Håkon Myrvang, som er medlem av styret for EM-selskapet.

– Du kan ikkje få eit betre utgangspunkt enn den spiren som har vakse ut av det vellukka europameisterskapet i 2016, seier han.

Tom Farsund seier dette:

– Eg håpar vi får VM til. Men vi treng stor oppslutnad om idéen, og vi treng nok – og ønskjer – ei meir solid startfinansiering enn vi hadde sist.

Artikkeltags