– Dette har vore målet i to år. Vanvittig kjensle!

GULL: Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen nådde ein stor milepæl i karriera si denne tysdagen, med gull på 10 kilometer klassisk under junior-VM i Sveits.

GULL: Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen nådde ein stor milepæl i karriera si denne tysdagen, med gull på 10 kilometer klassisk under junior-VM i Sveits. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SPORT: Gratulasjonane renn inn til Jon Rolf Skamo Hope. Men han prøvar allereie å legge gullet bak seg.

DEL

– Det er utruleg herleg. Dette har vore målsettinga i to år. Å klare å gjennomføre det på den eine dagen det er mogleg, er ei vanvitig herleg kjensle, seier Skamo Hope frå Hyen.

Denne tysdagen tok han gull på 10 kilometeren under junior-VM i Obergoms, Sveits.

Les også: Foreldra til verdsmeisteren: – Det er umogleg å bli stoltare no!

– Var ikkje snakk om å gi seg

Taktikken hans var å opne forsiktig, og auke på gradvis.

– Eg klarte å halde trykket oppe til vi hadde gått åtte kilometer. Så fekk eg til ei skikkeleg god avslutning, seier han.

Skamo Hope seier det har vore ein svært god dag kroppsleg. Men like viktig var den mentale driven til å klare gull.

– Eg ville dette ekstremt hardt. Det var ikkje snakk om å gi seg, sjølv om eg låg to sekund bak russaren når det stod igjen 1,5 kilometer.

Parkerte russaren

Konkurrenten Sergey Ardashev frå Russland måtte til slutt sjå seg parkert av Skamo Hope, som gjekk i mål ni sekund framfor andreplassen.

– Han fekk det veldig tungt i siste sprintbakken, seier Skamo Hope.

Kva tankar gjekk i hovudet ditt i innspurten?

Då er det berre å klikke, bite tenna saman og gå så fort ein kan til mål, seier han.

Nullstille til nytt renn

På torsdag skal den unge gullguten gå 20 km duatlon, kor han også trur det finst medaljemoglegheiter.

– Det gjeld berre å legge dette bak seg. Eg tar imot gratulasjonane, men må ikkje bli for opptatt av det. Eg må nullstille meg og tenke nytt renn. Eg får nyte gullet når eg kjem heim og sesongen er ferdig, seier han.

Artikkeltags