Her jublar elevane for sin nye verdsmeister

Hyen Skule såg gulløpet til sambygdingen i skuletida.

Artikkelen er over 2 år gammel

HYEN: Skule fekk vere skule når Jon Rolf Skamo Hope kjempa om gull og vart verdsmeister. – Ein blir jo litt stolt, seier ein lærar.

DEL

– Dette var veldig kjekt for elevane. Mange av dei hugsar Jon Rolf frå tida då han gjekk på skulen her, seier lærar ved Hyen skule, Magni Aa Berge.

Ho og dei andre lærarane ved skulen hadde tysdag gitt elevane fri til å sjå på på sambygding Jon Rolf Skamo Hope, under skiløpet som gjorde han historisk.

Fersk juniorverdsmeister

Då 19-åringen kryssa mållinja i Sveits, vart han nemleg juniorverdsmeister – ein prestasjon som ingen andre i fylket har greidd tidlegare.

Ho fortel at det ikkje er ofte dei har ein frå Hyen som kjempar om å bli verdsmeister. Då fekk skule vere skule i ein halvtime.

– Men litt pedagogiske måtte vi vere. Så vi snakka litt om tidelar og kilometer og den slags, seier læraren og ler.

Filma jubelen

Aa Berge fortel at det var stor stemning blant elevane undervegs, og når han nærma seg oppløpet, filma ho målgangen og elevane.

Sjå jubelvideoen øvst i saka.

Aa Berge fortel at ho og dei andre først trudde at Hyen-løparen låg dårlegare an enn han gjorde. Så når han kryssa mållinja med bestetid, stod jubelen i taket.

– Ein blir jo litt stolt. Han er jo eit forbilde, som viser elevane at det går an å trene og arbeide mot eit mål og lukkast. At det er mogleg også for ein frå Hyen, seier læraren.

Artikkeltags