– Dette tur-området blir stengt

Arrangørane av årets Landsskyttarstemne ber folk om å unngå turar til Fauskevarden, Skinnbroka og Fureviksnipa under skytingane i perioden 26. juli til 2. august.

Arrangørane av årets Landsskyttarstemne ber folk om å unngå turar til Fauskevarden, Skinnbroka og Fureviksnipa under skytingane i perioden 26. juli til 2. august. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Og det av sikkerheitsmessige grunnar.

DEL

Frå og med førstkommande onsdag oppfordrar arrangørane av Landsskyttarstemnet i Førde om at turgåarar finn andre turområde enn fjelltoppane rundt Vasslia i Førde.

– I samband med feltskytingane i årets Landsskyttarstemne, så ber vi folk om ikkje å gå på toppane Fureviksnipa, Skinnbroka og Fauskevarden med utgangspunkt frå Vasslia. Dette av omsyn til tryggleiken. Desse toppane ligg utanfor sjølve tryggingsområdet med tanke på skytingane, men vi vil ikkje ta nokon sjanse. Dessutan vil det kunne påverke skyttarane om dei plutseleg kan sjå folk i silhuett på desse toppane når dei er på veg inn på standplass, seier LS-sjef Christian Rekkedal medan han er på synfaring i Vasslia-området ei veke før det brakar laus.

Parkering forbode

– Dette turterrenget er tilgjengeleg for folk flest 51 veker i året, og vi håpar på forståing på at vi denne eine veka oppmodar folk på det sterkaste til å finne andre turområde. Dette er eit mykje brukt turområde for Førde-folk og det står veldig ofte bilar på parkeringsplassane ved Nordheia-tunnelen. Men gjennom kommande veka vil det ikkje vere mogleg å bruke verken desse parkeringsplassane eller fylkesveg 609 til parkering. Alle som skal til grovfelt-området må bruke buss for å komme seg inn i området, og politiet har gjeve melding om at det i år ikkje blir gjeve løyve til å parkere langs fylkesveg 609 slik det har vore under tidlegare landsskyttarstemne i Førde. Eg håpar inderleg at dette er noko både skyttarar og turgåarar respekterer desse få dagane, seier Rekkedal under synfaringa torsdag kveld.

Han ber difor turfolk om ikkje å bruke dette området i perioden frå og med onsdag 26. juli til og med onsdag 2. august.

Toppane var her

Med på synfaringa var forutan sentrale leiarar i hovudkomiteen, både generalsekretæren i Det Frivillige Skyttervesen, Jarle Tvinnereim, og stemnepresident, Håkon Warø (som er oberst og sjef for HV12).

Området som vert nytta til grovfeltkonkurransane er det Forsvaret som leiger av grunneigar, og dette er ein avtale som går tilbake til 1988. Då arrangerte Førde sitt første Landsskyttarstemne.

– Og som ein del av avtalen skal også traktorvegen inn i dette skyte-anlegget vere stengd med bom. I samband med at det også for første gang i LS si historie i Førde skal vere elektroniske skiver i feltskytingane, har vi bygd 1,7 kilometer med nye vegar for å få på plass det nødvendige utstyret på dei forskjellige halda på både grovfelt, felthurtig og stangskytinga, seier Stein Mortensbakke i Førde Skyttarlag, som er hovudarrangør av årets LS. Med seg har dei skyttarlaga i Florø (finfelt), Hyen (grovfelt) og Holsen (stang/felthurtig) som har sine respektive område hovudansvarsområde.

Når det gjeld sjølve finaleskytingane, som alle vil skje på baneanlegget i Kråkenesmarka, så er det skyttarlaga, samt DFS i tett samarbeid med NRK, som styrer sjølve gjennomføringa.

Andre saker

Les nokre av dei siste sakene Firda har hatt om Landsskyttarstemnet:

Lagar 10 000 middagar i løpet av ei veke

Fyrer laus med sommarfest under LS

Det blir knivskarpt på dei beste

I 2008 sat dei trongt og varmt, no har dei fått sin eigen brakkerigg

Over 4500 påmelde til Landsskyttarstemne

Artikkeltags