Førde måtte til slutt sjå seg slått av BK Tromsø i cupfinalen. Laget frå Tromsø gjekk av med sigeren 3-2.

Det trass i at Førde tidleg tok leiinga 2-0 i kampen.

– Vi tok ikkje lett på Tromsø. Det føler eg ikkje at vi gjorde. No har vi det fælt, det var ikkje dette vi håpa på i dag, seier ein svært skuffa Førde-spelar Lars Fredrik Tvinde.

Om stemninga var laber i Førde-leiren, var den dertil høgare hos Tromsø.

– Dette var heilt vanvitig. Er det eit lag som er moro å slå, så er det Førde. Spesielt i ein cupfinale. Vi greier å snu kampen, trass at vi låg under, seier tidlegare Førde-spelar Martin Støyten til Firda. Han vart kampens toppscorar med 23 poeng, like mange som Førdes Jonas Kvalen.

Starta godt

Førde starta kampen godt, og tok tidleg kontroll over første sett. Lars Fredrik Tvinde synte at han ikkje ville bli ståande med tre finaletap på fire forsøk i det første settet, og plukka seks poeng.

Det var med på å sikre Førde sigeren 25-16.

I det andre settet var det ein annan unggut som melde seg på. Bjarne Nikoali Huus var ustoppeleg på serve i starten av settet, noko som fekk speaker til å utbryte.

– Han server ikkje som ein 19-åring, men som ein 39-åring.

Det andre settet vart jamnare, men Førde drog til slutt i land sigeren 25-21, framfor dei 1032 frammøtte.

Skapte spenning

Men kampen var ikkje over sjølv om Førde hadde teke ei solid leiing. I det tredje settet greidde ikkje Førde å halde oppe presset, dermed slapp dei Tromsø inn att i kampen.

Tromsø vann settet 25-20.

I det fjerde settet var det laget lengst nord frå som tok kommandoen. Og sjølv om Førde knappe leiinga ned i to poeng ved fleire høve, gav ikkje Tromsø frå seg leiinga.

Dermed utlikna dei til 2-2 i kampen, med settsigeren 25-17.

Tapte

Og i siste sett skulle alt avgjerast. Der følgde dei to laga kvarandre heile vegen. Men etter å ha bomma på første matchball, greidde ikkje Førde å sette inn trykket. Dermed vann BK Tromsø det siste settet 15-13, og vart norgesmeistera.

– Vi visste at Tromsø var gode på å halde trua igjennom heile kampen, det er noko vi har vore bevisste på før kampen. Likevel greier vi ikkje å halde trykket oppe i tredje settet. Det er skuffande. Men eg syns spelarane gjorde ein god innsats, og vi må berre gratulerer Tromsø, seier ein skuffa Førde-trenar, Marcin Lubiejewski etter kampen.