No blir han sjef for idretten

Når idrettsleiarar frå heile fylket samlast på Idrettstinget på Sandane i helga, så vil tidlegare fylkesordførar Nils R. Sandal venteleg bli vald som ny sjef for idretten i fylket. Foto: Ivar Longvastøl
– Eg trur ikkje vi kunne fått ein betre politisk leiar enn Nils R. Sandal, seier leiaren i valnemnda i idrettskrinsen, Gunnar Harstad.
Val i helga
Når idrettsleiarar frå heile fylket samlast på Idrettstinget på Sandane i helga, så vil tidlegare fylkesordførar Nils R. Sandal venteleg bli vald som ny sjef for idretten i fylket.
– Det vil overraske meg om det vil komme opp motkandidatar under tingsete. Når vi starta jobben med å sy i hop eit nytt styre seinhaustes, så hadde vi som målsetting å få ein leiarkandidat som vil vere synleg, og som hadde solid politisk ballast. Og i det perspektivet må vi vel seie at vi har lukkast, seier Harstad.
Godt nøgde
Harstad viser til at Nils R. Sandal bad om litt omrømmingstid før han gav sitt svar.
– Men då han gav sitt positive svar for tre-fire veker sidan, så vart vi sjølvsagt letta. Sjølv om vi også hadde nokre andre kandidatar på blokka i tilfelle vi hadde fått nei, seier Harstad, og viser til at valnemnda har lagt vekt på å legge fram eit framlegg til nytt styre med god balanse, både når det gjeld erfaring og kjønn.
– Når vårt framlegg til ny styreleiar, Nils R. Sandal, ikkje har så brei erfaring frå idretten i seg sjølve, så var vi opptekne av at dei andre i styret hadde god idrettsfagleg bakgrunn. Dessutan ville vi gjerne halde på litt av kontinuiteten i idrettskrinsstyret, seier Harstad.
Held fram i styret
Leiaren i valnemnda er difor godt nøgd med at avtroppande leiar Aud Kari Isane og nestleiar Arve Heimdal begge held fram i styret. Heimdal som nestleiar, medan Isane går inn som styremedlem.
– Dessutan er vi veldig godt nøgde med at vi av sju styrekandidatar, har fire kvinner, seier Harstad føre helgas tingsete.
Dette er valnemnda sitt framlegg til nytt styre i Sogn og Fjordane idrettskrins for perioden 2014-2016:
Leiar: Nils R. Sandal, Breimsbygda idrettslag (ny)
Nestleiar: Arve Heimdal, Stårheim idrettslag (attval)
Styremedlem: Aud Kari Isane, Balestrand idrettslag (ny, som styremedlem)
Styremedlem: Ruth Sølvi Helland, Florø Sportsklubb (ny)
Styremedlem: Lilly Schøyen, Sogndal idrettslag (ny)
1. varamedlem: Ingrid Heien, Gloppen handballklubb (ny)
2. varamedlem: Stian Grimseth, Tambarskjelvar (attval).
Kommentarer til denne saken