Sirkus Jakob (17) på Byrkjelo: – Viss dette bidreg til at dei blir glad, så er det veldig stas

FAVORITT: Mange ville gjerne ha både autografar og bilde saman med karen med hue, Jakob Ingebrigtsen. Pappa Gjert (med ryggen til) følger med.

FAVORITT: Mange ville gjerne ha både autografar og bilde saman med karen med hue, Jakob Ingebrigtsen. Pappa Gjert (med ryggen til) følger med. Foto:

FRIIDRETT: Etter intervju på intervju og premieutdeling var det endeleg dei håpefulle sin tur. Nemleg dei som stod pent i kø og venta på den nye stjerna.

DEL

– Når du ser alle desse som står og ventar på deg, føler du deg som ei stjerne?

– Nei, det gjer eg ikkje. Viss dette bidreg til at dei blir glad så er det veldig stas, seier 17 år gamle Jakob Ingebrigtsen til Firda.

Ekstreme forhold

Han har akkurat vunne NM-gull på den eine distansen han vann EM-gull på sist veke, 1500 meter.

Medan EM i Berlin var prega av ein enorm varme, var det heilt andre forhold på Byrkjelo laurdag. Undervegs i 1500-meteren kom det faktisk eit vindkast som gjorde at heilt feltet omtrent stoppa opp og paraplyar fauk.

– Dette vêret har vi hatt ekstremt mange økter i, ja kanskje verre òg. Så gale for oss frå Sandnes var det kanskje ikkje. Alt i alt var det kanskje litt uvanleg for alle, seier Ingebrigtsen.

På NMs første dag fredag var det til saman 3000 innanfor stadionportane. Tala for laurdagen er i skrivande stund ikkje heilt klare, men arrangøren anslår at dei har hatt rundt 5000 besøkande på to dagar. Altså rundt 2000 på laurdagen.

Saka held fram under bilda.

MYKJE FOLK: Rundt 2000 var innom Byrkjelo stadion laurdag. Det er rundt 1000 mindre enn fredag.

MYKJE FOLK: Rundt 2000 var innom Byrkjelo stadion laurdag. Det er rundt 1000 mindre enn fredag. Foto:

Midt under 1500-meteren kom ein paraply fykande.

Midt under 1500-meteren kom ein paraply fykande. Foto:

– Gøy når dei heiar og er gira

– Korleis er det når det kjem så mange her og ser på, Jakob? Det er jo deg dei kjem for, du er vel klar over det?

– Hehe, ja, eller ... seier Ingebrigtsen og dreg litt på det før han held fram:

– Dei kjem jo og ser på alle, sjølvsagt. Det er mange gode utøvarar som stiller her i NM, og det er det veldig gøy at det kjem så mange på tribunen og ser på. Og ikkje minst at dei heiar og er veldig gira. Det er veldig gøy, seier den unge stjerna.

Den andre ferske EM-vinnaren som er på Byrkjelo denne helga, Karsten Warholm, sprang også laurdag. Medan han fredag vann NM-gullet på sin vante distanse, 400 meter hekk, vann han laurdag 400 meter – utan hekk.

POPULÆR: Karsten Warholm vann 400 meter på NM, og etter løpet var han ein populær mann.

POPULÆR: Karsten Warholm vann 400 meter på NM, og etter løpet var han ein populær mann. Foto:

SIGER: Jakob Ingebrigtsen tok NM-gullet på 1500 meter.

SIGER: Jakob Ingebrigtsen tok NM-gullet på 1500 meter. Foto:

Artikkeltags