Florø sitt stafettlag tok NM-sølv

SØLVGUTANE: Bak frå venstre: Øyvind Strømmen Kjerpeset, Hallgeir Martinsen, Ben Jeffrey Benett og Lasse Solheim Angelshaug.

SØLVGUTANE: Bak frå venstre: Øyvind Strømmen Kjerpeset, Hallgeir Martinsen, Ben Jeffrey Benett og Lasse Solheim Angelshaug.

Av

FRIIDRETT: Det blei sølv på Florø sitt stafettlag på 200 meter under NM i friidrett i Haugesund søndag.

DEL

FIRDAPOSTEN: Stafettlaget leverte som bestilt. Med seg heim i koffertane har dei kvar sin sølvmedalje som dei kan pusse på framover.

– Dette betyr mykje for klubben. Det er kjempemotiverande, ikkje minst for dei som er på veg opp. Dei ser at dei kan nå opp, sjølv om dei kjem frå vesle Florø, seier rekruttansvarleg i Florø Turn & Idrettsforening, Tone Strømmen Kjerpeset etter at medaljen var i boks.

Ho er veldig nøgd med at gutane tok sølvmedalje.

– Vi hadde jo trua på førehand, dei sprang for medalje, men frå å håpe det til å gjere det er det eit lite stykke. Det er dessutan eit ungt lag, både Ben og Lasse er forholdsvis unge, så sølv er ein god prestasjon. Det er viktig å få med at det er fem utøvarar på stafettlaget. Ein må vere fem på eit lag, for det er ofte litt smårusk og sjukdom. Femtemann er Magnus Angelshaug, som har problem med hamstringen og som ikkje var med nedover denne gongen, men han er ein del av laget, seier Strømmen Kjerpeset.

Første lag-medaljen for Florø

Ben Jeffrey Benet sprang førsteetappen, Lasse Solheim Angelshaug andreetappen, Hallgeir Martinsen tredjeetappe og Øyvind Strømmen Kjerpeset sisteetappe.

Florø låg på tredje plass idet Kjerpeset tok over stafettpinnen, etter at ein god etappe av Martinsen hadde sendt Florø opp i ryggen på andreplassen.

Kjerpeset sprang laget opp på andre plass, 1.23 sekund bak vinnarlaget IL Skjalg, snaue eitt sekund føre Moelven IL på bronseplass.

– Då vi såg at Øyvind ikkje fullførte finalen på 200 meter individuelt blei vi litt urolege. Kva var det som skjedde der?

– Det var planlagt på førehand. Han fekk bane 1 i finalen, og frå den posisjonen på den bana er det nesten umogleg å hevde seg. Svingane er så krappe at det blir ein kjempebelastning på beina, så avtalen var at han skulle gje det eit forsøk, køyre den første svingen, men gje seg om han såg at det ikkje gjekk. Hadde han fullført hadde det nok gått ut over stafetten, og det var den som var førsteprioritet denne gongen, seier Strømmen Kjerpeset.

Dette er første gong Florø Turn og Idrettsforening vinn ein medalje for lag i eit innandørs-NM i friidrett.

Artikkeltags