NM-gull til Tambarskjelvar

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

Tambarskjelvars jentelag held fram med å imponere i volleyball. I helga henta naustedølane heim gullet i NM for 19-åringar.

DEL

-Dette er sjukt bra, jublar sportsleg leiar Odd Kaare Nøstdal I Tambarskjelvar.

Han har nett fått melding om at J19-laget har gått heilt til topps i NM i Bodø.

Tambarskjelvar gjekk gjennom meisterskapen i Bodø utan tap. I semifinalen banka dei Stord 3-1, og i finalen vart det 3-0 over favoritten Stavanger.

-Troll i ord, meiner Nøstdal med eitt breitt smil.

Han fekk nemleg rett i at Tambarskjelvar måtte ha billettar til siste fly frå Bodø - ettersom han meinte at dei kom til å komme til finalen.

Desse tok NM-gull for Tambarskjelvar: Silje Vallestad, Beate Nyhammer, Hilde Elvebakk, Kine Grimeland, Herborg Eikeland, Sylvi Fløtre, Ida Hveem, Kristina Mundal, Ingri Malene Ervik Erdal og Malene Salbu.

Trenar er Magne Hornnes.

Artikkeltags