Nest best i verda

Bjarne Nikolai Huus tok saman med makker Christian Sandlie Sørum sølv i VM i kveld.

Bjarne Nikolai Huus tok saman med makker Christian Sandlie Sørum sølv i VM i kveld. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Tok andreplass i U19-VM i Portugal.

DEL

– Dette betyr så sjukt mykje for oss, med tanke på kor mykje vi trenar og jobbar for dette, seier Bjarne Nikolai Huus (18) frå Førde, etter at han og makker Christian Sandlie Sørum (17) kom på andreplass i finalen i U19-VM i «U19 World Championships» i Porto, Portugal. Ein prestasjon som det berre er eit norsk U19-lag som har greidd tidlegare.

Revansjelystne frå i fjor

– Akkurat no er det litt surt at vi tapte, for vi følte vi hang bra med dei. Men vi kom ikkje heilt i gang med vårt spel, og dei var det beste laget, seier Huus, om dei tyske motstandarane i finalen.

Og når han i fjor stod på sidelinja og såg dei andre laga gå opp på medaljepodiet i VM, tenkte han at i år skulle det vere han og makkeren sin tur.

– Når eg gjekk opp på podiet sjølv, så såg eg meg litt rundt og tenkte over kvar eg faktisk stod. Det er enormt å tenke at ein faktisk står der som nest best i verda, seier 18-åringen frå Førde.

Tok store steg som lag

Og i årets U19-VM i Portugal vart det raskt klart for dei to Toppvolley-elevane at dei hadde blitt endå betre saman.

– Eg kjende med ein gang vi kom i gang her at vi hadde teke større steg enn andre lag, seier Huus, som starta med eit forrykande gruppespel, utan eit einaste tapt sett.

– Gruppespelet var veldig bra, og vi hadde bra kontroll på alle motstandarane. Vi var litt shaky i det første settet i andre kampen mot Russland, men drog det i land, seier 18-åringen, som seinare skulle få oppleve at formkurva berre heldt fram utover sluttspelet.

Frykta

Og med ein andreplass i VM i lomma, er det ei god kjensle dei to no tek med seg vidare. Først til ei velfortent avkoblingsveke, deretter inn mot U20-EM veka etter.

– Der møter vi eldre lag, men det er likevel ei god kjensle å komme inn mot eit meisterskap og kanskje kjenne at ein er litt frykta, smiler Huus.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken