To gull, eitt sølv og ei bronse til Tambarskjelvar

MEDALJEVINNARANE: Fv. Sindre Rørstadbotnen, Marit Årdalsbakke og Vebjørn Varlid. (Ine Andersson var reist då bildet vart tatt).

MEDALJEVINNARANE: Fv. Sindre Rørstadbotnen, Marit Årdalsbakke og Vebjørn Varlid. (Ine Andersson var reist då bildet vart tatt). Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

VEKTLØFTING: Norge fekk to nordiske meistrar i vektløfting denne helga. Og begge kjem frå Naustdal.

DEL

– Eg følte meg i veldig god form. Etter den siste treningsøkta på fredag var eg sikker på at eg kom til å gå veldig bra i dag. Eg følte meg sjølvsikker, seier gullvinnar Sindre Rørstadbotnen.

Tyngste vektklassane

Han og Vebjørn Varlid tok søndag gull i dei to tyngste vektklassane 105 kilo og +105 kilo. Rørstadbotnen hadde 139 kg i rykk og 183 kg i støyt, medan Varlid hadde 152 i rykk og 182 i støyt.

Rørstadbotnen tok sølv i same vektklasse i fjor, men var ikkje fornøgd.

– Eg var bitter fordi eg ikkje tok gull i fjor, så eg var innstilt på at mi arbeidsoppgåve i dag var å gjere det eg måtte for å vinne, seier han.

GULLGUT: Sindre Rørstadbotnen tok gull under nordisk meisterskap i vektløfting i Vasby utanfor Stockholm.

GULLGUT: Sindre Rørstadbotnen tok gull under nordisk meisterskap i vektløfting i Vasby utanfor Stockholm. Foto:

– Det var kjempekjekt å klatre til topps på pallen etter ein hard kamp mot svensken. Eg har berre vunne nordisk ein gong før, i 2010, så det var spesielt å ta gull igjen. Ekstra moro var det at vi alle fekk klaff på eit av dei viktigaste stemna i løpet av året, seier Varlid.

Sølv og bronse

Laurdag tok også Marit Årdalsbakke tok sølv i vektklasse 69 med 86 i rykk og 102 i støyt. Også Ine Andersson tok medalje. Ho tok bronse i vektklasse 63 med eit rykk på 87 kg og støyt på 107 kg. 

– Dette er min første internasjonale seniormedalje. Det gjekk over all forventning. Dette er min beste konkurranse nokosinne både plasserings- og resultatmessig, seier Årdalsbakke til Firda.

– Konkurransen var jamn heile vegen, men eg trudde aldri at eg skulle vere med å kjempe om gull, så eg er kjempefornøgd, legg ho til.

Andersson tok ny personleg rekord.

– Det var utruleg tøff konkurranse i min klassen så bronse er bra. Begge dei som slo meg var med i OL i fjor, men sjølv om eg sette pers så føler eg at eg har meir inne, seier Andersson til NRK Sogn og Fjordane.

Dermed reiser Tambarskjelvar heim med fire medaljar i bagasjen.

– Det er ein fantastisk prestasjon at vesle Tambarskjelvar reiser med fire deltakarar og kjem heim med fire medaljar. Det viser at vi leverer i store meisterskap, er rutinerte og gode. Det er veldig kjekt, seier Rørstadbotnen som skal tilbake til full treningsveke frå og med i morgon.

Artikkeltags