Marit og Ine gjorde det bra i Romania, no siktar dei mot VM i Turkmenistan

EM-DELTAKARAR: Ine Andersson (til venstre) og Marit Årdalsbakke frå Naustdal-klubben Tambarskjelvar deltok i EM i vektløfting i Romania i påska.

EM-DELTAKARAR: Ine Andersson (til venstre) og Marit Årdalsbakke frå Naustdal-klubben Tambarskjelvar deltok i EM i vektløfting i Romania i påska. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SPORT: Skjærtorsdag gjekk EM i vektløfting av stabelen i Romania. Representantane frå Sogn og Fjordane kom på ein fin 8.- og 9.-plass.

DEL

Det var Marit Årdalsbakke frå Jølster og Ine Andersson som representerte Naustdal-klubben Tambarskjelvar i EM i påska.

Jentene er totalt sett nøgde med prestasjonen. Totalt i dei to øvingane, rykk og støt, tok Årdalsbakke 9.-plassen, medan Anderson enda på 8.-plass.

– Eg hadde håpa det skulle gå litt betre. Målet var å kome innanfor topp ti, men ein vil jo alltid høgare opp, seier Årdalsbakke.

Ho landa på 98 kilo i rykk og 89 i støt, etter to underkjende støt på 102 kilo.

– Dommarane var ganske strenge i år. Eg er skuffa over at eg ikkje fekk med eitt press til, men alt i alt er eg nøgd, seier Årdalsbakke.

For Anderson vart det ny personleg rekord i støt, med eit løft på 108 kilo.

– Det er eg veldig nøgd med, eg vart nummer fire i støt-øvinga, seier Andersson.

No er neste mål for jentene å kvalifisere seg til VM i Turkmenistan komande haust.

– Det er høge krav til kvalifisering, men det er målet. No skal eg heim og fokusere på grunntrening og styrke, og trening opp mot Nordisk meisterskap, seier Årdalsbakke.

Artikkeltags