Julia og Robert Andre frå Breimsbygda er vidare til Nordisk meisterskap i vektløfting

GLADE: Robert Andre Moldestad og Julia Jordanger Loen frå Breimsbygda skal til Nordisk meisterskap i vektløfting i Danmark i oktober.

GLADE: Robert Andre Moldestad og Julia Jordanger Loen frå Breimsbygda skal til Nordisk meisterskap i vektløfting i Danmark i oktober. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VEKTLØFTING: Neste stopp er Danmark i oktober.

DEL

Tysdag klarte Juila Jordanger Loen og Robert Andre Moldestad kravet til Nordisk meisterskap i vektløfting under eit stemne i Naustdal.

Det skriv Ola Bergheim, leiar i Nord-Vestlandet vektløftarregion i ei pressemelding.

Loen klarte kravet i klasse 58 kg ungdom med 51 kg i rykk og 72 kg i støyt, til saman 123 kg. Moldestad klarte kravet i klasse 62 kg junior med 88 kg i rykk og 105 kg i støyt, til saman 193 kg.

– Vektløftarregionen har god rekruttering på ungdoms- og juniorsida. Med mange lovande løftarar også utanom desse to, i tillegg til gode seniorutøvarar, seier han.

– Vi går ein spennande sesong i møte med Julia og Robert Andre med ein fin sesongstart, seier han.

No ventar Nordisk meisterskap i vektløfting i Danmark i oktober.

Artikkeltags