Naustedøl stakk av med gull i benkpress-NM

BENKPRESS: Dag Andre Mo, Fredrik Eskil Myrvang, Tommy Navarsete Espeseter (f.v.),
Nils Espeseter (framme) og Arve Lingjerde (bak) deltok i NM i benkpress for Sogndal IL.

BENKPRESS: Dag Andre Mo, Fredrik Eskil Myrvang, Tommy Navarsete Espeseter (f.v.), Nils Espeseter (framme) og Arve Lingjerde (bak) deltok i NM i benkpress for Sogndal IL. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

IDRETT: Fredrik Eskil Myrvang slo sin eigen norgesrekord i Fredrikstad i helga, men 150 kg blei for tungt.

DEL

– Det er alltid eit høgdepunkt å slå eigne rekordar, seier Myrvang.

Under utstyrsfritt NM i benkpress i Fredrikstad enda naustedølingen med topplass på pallen i 59 kg-klassen, etter eit løft på 145 kg. Han slo dermed sin eigen norgesrekord på 142,5 kg. I tillegg blei det andreplass i seniorkategorien på tvers av vektklassane.

– Eg prøvde på 150 kg på sisteløftet, men det blei for tungt. Eg skulle prøvd på 147,5 kg i staden. Det hadde eg nok klart. Men det er jo lett å seie i etterkant, seier Myrvang, som har lenge har prøvd å ta 150 kg.

Han hadde også med seg fleire utøvarar frå fylket til Fredrikstad.

– Vi var fem stykk frå Sogndal IL og kom på andreplass som klubb, fortel han.

Han har både VM og EM i bagasjen og håpar no han blir teke ut til fleire internasjonale tevlingar.

– Ein må ha gode resultat i NM for å få vere med på internasjonale konkurransar. No har eg eit kvalifikasjonskrav til å bli teke ut til landslaget på nyåret og få moglegheit til å bli med på internasjonale stemne.

Meisterskapet samla 191 utøvarar i alle aldersklassar og vektklassar. Det skjedde såkalla «utstyrsfritt», altså utan utstyr som benkpresskjorte, handleddsband og belte.

Artikkeltags