Mystisk skade stoggar Sogndal-spelar

TUNG TID: Alexander Breidvik må halde seg heilt i ro etter hovudskaden han fekk i ein duell mot Bryne på La Manga. I dag reiser han til nevrolog i Oslo. Foto: Ingunn Osland

TUNG TID: Alexander Breidvik må halde seg heilt i ro etter hovudskaden han fekk i ein duell mot Bryne på La Manga. I dag reiser han til nevrolog i Oslo. Foto: Ingunn Osland Foto:

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Sogndal-spelaren Alexander Breidvik (21) har ikkje vore i aktivitet på to månader. Besøk hos fem-seks legar har ikkje gitt han svaret på kva som manglar han.

DEL

Det var under den årlege treningsleiren for Sogndal på La Manga at skademarerittet byrja for Alexander Breidvik. Han hadde fått speletid i alle treningskampane, og var byrja å komme i god form til seriestarten. Han gledde seg saman med resten av lagkameratane til at seriestarten skulle starte. Men så skjedde det:

Stanga i bakhovudet

– Det var i kampen mot Bryne 6. mars at det hende. I utgangspunktet ein heilt vanleg duell. Eg spelte spiss, og blei stanga i bakhovudet av ein av midtstopparane. Eg merka ikkje noko spesielt, og spelte ferdig kampen. Det skulle eg aldri ha gjort, sukkar 21-åringen.

Etter kampen blei det konstatert mild hjerneristing for askvollingen. Han tok det derfor med ro, og prøvde seg under oppvarminga to dagar seinare. Ei runde rundt bana var nok. Han makta ikkje meir.

Til nevrolog i dag

– Då eg kom attende til Norge gjekk det i bølgjedalar. Enkelte dagar var eg bra, medan neste dag kunne vere dårleg. Og for tre veker sidan fekk eg eit tilbakefall. Då blei eg skikkeleg dårleg, og har faktisk vore sengjeliggande sidan det, seier han oppgitt, og held fram:

– Eg greier faktisk ikkje sjå på tv, høyre radio, eller prate lenge med nokon. Det er mildt sagt ganske fortvilande.

Breidvik har vore innom fem – seks ulike legar, utan at nokon har funne noko svar. Han har også tatt ei CT-undersøking av hjernen som ikkje viste noko gale. I dag reiser askvollingen til ein nevrolog i Oslo.

– Eg håpar verkeleg han kan kome med svar, seier han.

Vil tilbake på banen

– No er det berre å bli frisk som gjeld for min del. Eg har dei siste åra vore mykje plaga med skadar, og dei har alltid kome på ugunstig tidspunkt. Eg blei til og med skadd i oppvarminga føre min første kamp for Sogndal, seier han.

Og medan lagkameratane tok sin tredje strake siger i TV-kampen mot Notodden, måtte askvollingen halde sjukesenga.

– Eg såg høgdepunkta i pausen. Den avgjerande scoringa til Andreas Moen fekk eg sjå i etterkant, fortel han.

Resten av kampen heldt han seg i sjukesenga.

Artikkeltags