Snø i fjellet flyttar målgangen til Skåla Opp

Slik ser Skåla ut etter snøfallet dei siste dagane. Snøgrensa går ved ca. 900 meter over havet.

Slik ser Skåla ut etter snøfallet dei siste dagane. Snøgrensa går ved ca. 900 meter over havet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

STRYN: Tek ikkje sjansen på å sende over 1500 opp til toppen.

DEL

På grunn av sikkerheitsmessige årsaker vil årets Skåla Opp ha målgang ved Skålavatnet.

Dette har juryen samstemt avgjort, ifølgje motbakkeløpets Facebook-sider, og årsaka er mykje snø frå mellomtid og opp til det karakteristiske Skålatårent, der målgang plar vere.

Arrangementsleiar Erik Brendefur fortel at det natt til torsdag har snødd heilt ned til 1000 meter over havet.

– Vermeldingane til helga syner mildvêr, men dette er usikkert, seier Brendefur.

Skålatårnet markerer normalt sett slutten på kraftprøva Skåla Opp, men i år gjer snø i fjellet at målgangen blir flytta til Skålavatnet.

Skålatårnet markerer normalt sett slutten på kraftprøva Skåla Opp, men i år gjer snø i fjellet at målgangen blir flytta til Skålavatnet. Foto:

Til no er det 1500 førehandspåmelde til årets Skåla Opp, som startar til helga.

Både Brendefur og juryen meiner det vil vere uforsvarleg å sende så mykje folk opp til Skålatårnet og ned att.

Artikkeltags