Endeleg norsk meister

Eli Anne Dvergsdal vann sin første NM-tittel i motbakkeløping laurdag.

Eli Anne Dvergsdal vann sin første NM-tittel i motbakkeløping laurdag. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Eli Anne Dvergsdal vart laurdag endeleg norsk meister i motbakke under løpet «Molden Opp» i Sogn. Jølster-kvinna vann ikkje sjølve konkurransen, då amerikanske Annie Bersagel hadde 51 sekund betre tid.

– Eli Anne satsa knallhardt og ville forsøke å slette Heidi Weng sin løyperekord. Ho leia klart etter tre-fire kilometer, og låg då an til ny rekord. Men det vart nok tøft mot slutten, og også amerikanske Bersagel sprang forbi Dvergsdal, seier løpsleiar Joh Ingar Bukve.

Rekorden til langrennsesset Weng er på 54,12, medan Bersagel på laurdag vann på 56,57. Dvergsdal hadde tida 57,48.

Nesten 1000

Bukve er sjølvsagt strålande nøgd med motbakkeløpet på laurdag.

– Vi har aldri hatt slike deltakar-tal tidlegare. Totalt hadde vi 972 påmelde, og av desse var heile 290 med i konkurranseklassane. Og dette er sjølvsagt tal vi er svært godt nøgde med, seier Bukve og ser at «Molden Opp» seglar opp som eit av dei større motbakkeløpa i fylket.

– Ja, dette var ein klar vekst for vår del. Og det er klart at NM trekker sikkert ein del ekstra deltakarar, seier Bukve og såg at trioen Stian Angermund-Vik, Torstein Tengsareid og Thorbjørn Thorsen Ludviksen tok dei tre tetplassane i herreklassa.

Ikkje ny rekord

– Men det vart heller ikkje ny løyperekord i herreklassa. Den gamle rekorden til Torstein Tengsareid vart ståande. I dag vann Angermund-Vik på 46,10, medan førdianaren Ole Martin Erdal vart beste herreløpa frå fylket med sin niandeplass. Han sprang inn til 54,10, seier Bukve etter motbakkeløpet frå Marifjøra til det 1116 meter høge fjellet Molden.

– Vi startar heilt nede i fjæresteinane og går i mål 1100 meter høgare oppe. Og alt det seremonielle føregår rundt Tørvis Hotell i Marifjøra. Her hadde vi over 400 på premieutdelinga laurdag kveld, seier løpsleiaren.

Artikkeltags