Eli Anne tok sin første verdscup-siger etter dramatisk innspurt

VERDENSCUP: Eli Anne Dvergsdal frå Jølster vann Tromsø Skyrace Vertikal Kilometer då ho hoppa inn framfor den kjende i motbakkeløparen Emelie Forsberg.

VERDENSCUP: Eli Anne Dvergsdal frå Jølster vann Tromsø Skyrace Vertikal Kilometer då ho hoppa inn framfor den kjende i motbakkeløparen Emelie Forsberg. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

MOTBAKKE: Eli Anne Dvergsdal frå Jølster tok sin første verdscup-siger i motbakkeløp då ho vann Tromsø Skyrace Vertikal Kilometer i helga.

DEL

Jølster-kvinna var først over målstreken og kom i mål etter 45 minutt og 58 sekund, rett før den verdskjente løparen Emelie Forsberg frå Sverige, som har vunne løpet dei siste to gongane. Dvergsdal fortel at det verkeleg vart spennande i innspurten.

– Emelie Forsberg er kjent i løypa og på slutten av løpet er det fleire store steinar, så du kan ikkje springe, du må klatre. Der veit eg at ho er mykje betre enn meg, og når eg leia heile løpet så vart eg nervøs då eg gjorde ein avgjerande feil. Eg klatra opp på ein stein der det ikkje gjekk an å hoppe ned, og ho tok ein anna veg. Det gjorde at ho gjekk forbi meg, men eg klarte heldigvis å spurte forbi ho heilt på slutten og kaste meg i mål, forklarar Eli Anne Dvergsdal.

Ho er veldig nøgd med å ta sin første verdscup-siger.

– Det var veldig kjekt å få ein slik opptur når sesongen ikkje har vore heilt optimal med skader i sesongoppkøyringa. No er eg heldigvis tilbake i god trening og kroppen kjennest bra. Det gir mykje motivasjon å vinne eit slikt løp der det er fleire internasjonale utøvarar, seier Dvergsdal.

No ser ho framover og ho planlegg neste mål.

– Det har vore mykje konkurranse no i sommar og eg kjenner det litt på kroppen. Så no planlegg eg litt kva som skjer framover.

Kvinna frå Jølster ser ikkje vekk frå at neste store mål er Skåla Opp 19. august.

– Det er eit utruleg bra arrangement og løp som er langt og bratt. Det er veldig stort å delta på Skåla Opp, og der er det fleire gode konkurrentar.

Les også: 1300 påmelde til Skåla Opp

Artikkeltags