Eggenipa Opp avlyst

REGN: Også tidlegare år har vêret veksla, men det er første gongen det set ein stoppar for Eggenipa Opp. På bildet er det Øyvind Heiberg Sundby som klyv oppover til rekordtid i 2007.

REGN: Også tidlegare år har vêret veksla, men det er første gongen det set ein stoppar for Eggenipa Opp. På bildet er det Øyvind Heiberg Sundby som klyv oppover til rekordtid i 2007. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Regnvêret siste dagane tvingar arrangøren til å droppe søndagens motbakkeløp.

DEL

På alle dei år som har gått sidan det spektakulære motbakkeløpet i Gloppen vart arrangert for første gong i 2005 har det aldri vore snakka om avlysing. Før i år.

– No skin sola her. Men avgjerda er teken, seier Olav S. Egge på vegner av arrangørane.

Ikkje trygt nok

– Etter det forferdelege regnet i går vart det sendt opp to mann i dag tidleg for å vurdere forholda i løypetraseen. Slik det såg ut mellom klokka 11 og halv 12, var det for sleipt. I den bratte traseen er det lett å løyse ut stein når det har komme så mykje nedbør, seier Egge til Firda laurdag.

Tørkar opp for seint

Det viktigaste er tryggleiken for løparane, understrekar Egge. Sjølv om vêret no har betra seg, tørkar det ikkje fort nok opp på denne årstida. Dessutan måtte dei få ut beskjeden til dei påmelde i skapleg tid.

Rett nok var det ikkje fleire enn 15 på lista tidleg laurdag, men frå tidlegare år veit ein at det kjem fleire til fram mot start. Eit vanleg deltakartal har vore kring 40.

Ikkje noko nytt forsøk

Tidlegare gjekk Eggenipa Opp den siste helga i juli. I fjor vart arrangementet utsett til siste helga i august på grunn av snøforholda tidleg på sommaren.

– Vi tenkte vi skulle prøve å vidareføre dette tidspunktet, men akkurat no ser ikkje det så lurt ut, vedgår Egge. Han slår fast at dei ikkje har nokon reservedato i år. Eggenipa Opp 2016 er og blir avlyst.

Artikkeltags