Robert har brukt all permisjon i militæret på å gi Øyrane ei hjelpande hand

STOLTE TRENARAR: Frå venstre Robert Herstad Sund og Anders Steiro Herstad. Dei har vore med og trent fram vinnarlaget frå Øyrane vidaregåande.

STOLTE TRENARAR: Frå venstre Robert Herstad Sund og Anders Steiro Herstad. Dei har vore med og trent fram vinnarlaget frå Øyrane vidaregåande. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Laurdag enda det med siger for Øyrane vidaregåande skule over Hafstad vidaregåande i Arena touchdown, til glede for ein stolt trenar.

DEL

Kvart år konkurrerer dei to skulane mot kvarandre i den tøffe sporten. Det liknar mykje på amerikansk fotball, men reglane er litt endra og det er skalert ned til å kunne spelast innandørs på ei handballbane.

– Spelet har aldri vore så bra som det var i går. Alle gav sitt beste og det var mange som gav meir enn det vi trudde dei hadde i seg. Eg blei veldig imponert, og det vart kapteinen og, seier ein gira Robert Herstad Sund (20).

Han har vore trenar for Øyrane-laget sidan september i fjor.

– Vi har trent tre dagar i veka. Ein av dagane har vi hatt trening saman med elevane frå Hafstad, seier Sund.

Han har sjølv gått på Øyrane, og var med som deltakar to av åra han var elev. For tida er han i Forsvaret, og har brukt all permisjonen han kan til å komme heim og trene «Øyrane eagles».

Les også: Sjå bilda frå Rockne Bowl – no kan «ørnene» feire!

Mykje trening og taktikk

Dei siste vekene før kampen er Rockne Bowl den store snakkisen overalt.

– Det er berre dette vi tenkjer på og snakkar om på slutten. Det er eit veldig viktig arrangement for skulane, og det er sjølvsagt viktig for oss å vinne. Det blir mykje treningar, møter, kjekke sosiale samlingar og taktikk-prating, seier Sund.

Etter kampen laurdag blei det feiring med laget, heiagjengen og vener på Førde camping.

Hadde trua frå start

Benjamin Bruflot Teigen (16) går første året på Service og samferdsel på Øyrane.

– Det er utruleg artig å få vere med på, og det var ein kjekk kamp, seier Teigen.

Han hadde klokkartru på laget sitt frå byrjinga.

– Eg gjekk inn i kampen med tru og forventningar om at vi skulle vinne, men eg blei litt usikker då poenga jamna seg ut i andre runde.

Det gjekk det vegen for «Øyrane eagles», og dei vann 17–10 mot Hafstad.

Sjå video frå Rockne Bowl nedst i saka.

Les også: Lauri tok sin første utanlandstur åleine, for å møte Benjamin – og få med seg Rockne Bowl

Veldig kjipt å tape

– Det var jo sjølvsagt veldig, veldig kjipt å tape. Men spelarane har det jo kjekt uansett, for det er jo ei vanvitig oppleving å spele den kampen, seier trenar for Hafstad-laget, Per Anders Berge.

Nytt lag neste år

Hafstad tapte kampen også i fjor, men Berge trur ikkje det er noko dei kunne gjort annleis denne gongen.

– Det vi har jobba mest med i år er innstillinga vår inn mot kampen. I fjor trur eg ikkje alle var heilt førebudd på kva som ville møte dei på bana. I år har vi fokusert på å gje 100 prosent, og det gjorde dei verkeleg. Øyrane har rett og slett nokre rågode spelarar, seier Berge.

Neste år vil laget frå Hafstad sjå ganske annleis ut.

– Det blir jo skifta ut nokre spelarar kvart år, men i år er halve laget avgangselevar. Så neste år treng vi fleire nye på laget. Det blir spennande, men eg har veldig trua, seier Berge.

Beste arrangementet nokon gong

Robin Marvik Gjesdal, dagleg leiar for Rein Rus, var hovuddommar i kampen i går. Utanom dette farta han rundt for å sjå at alt var slik det skulle vere for artistar og deltakarar.

Robin Marvik Gjesdal, dagleg leiar for Rein Rus.

Robin Marvik Gjesdal, dagleg leiar for Rein Rus.

– Det var utruleg, utruleg, kjekt. Eg synest dette var det beste arrangementet vi har hatt. Det er mykje små detaljar som skal på plass, og dei siste 48 timane før det brakar laust er det heilt «maraton». Når vi er ferdige og skal rigge ned er det nesten så ein kjenner at beina kollapsar, seier Gjesdal.

Men snart startar førebuingane på nytt. No er planane lagde for å starte to lag på to vidaregåande skular i Fredrikstad.

– Om to veker reiser eg til Fredrikstad for å begynne å trene dei to laga vi har oppretta der. Det blir mykje pendling, men veldig kjekt. Det var jo dette vi ville, å kunne utvide sporten utanfor Førde, seier Gjesdal.

Les også: Vil utvide skulesporten til resten av landet

Neste år er det 10-års jubileum for arrangementet i Førde.

– I går kveld brukte vi 2,5 time på å rigge ned i Førdehuset, og så var det rett på Peppes og diskutere kva vi vil gjere annleis neste år. Sidan det er 10-års jubileum må vi gjere det litt spesielt. Vi sat jo med ein kjemperus etterpå, og det er jo det som er heile poenget vårt. Å få ein rus av gode opplevingar, seier Gjesdal.

Artikkeltags