Erlend Eide sette langt meritterte løparar til veggs i Trappeløpet i Høyanger i ettermiddag, Motbakke-talentet frå Eidsfossen Sykkelklubb på Sandane sprang sin andre konkurranse opp dei 1268 trappetrinna, og vann herreklassa på tida 8,13 minutt. Dermed var han sju sekund raskare enn Stian Hovind-Angermund frå Bergensklubben Varegg og 11 sekund betre enn det nye norske motbakke-idolet, Thorbjørn Ludvigsen.
Godt nøgd
- Eg er sjølvsagt veldig godt nøgd med dette løpet. Eg låg etter dei to bergensarane på mellomstatsjonen, men har tydeleg hatt ei okey avslutning, smiler 22-åringen etter at han vart 2000 kroner rikare laurdag. Det var nemleg pengepremien for sigeren.
Betre enn Jon Tvedt
Dermed klatra Eide opp på andreplass på Adelskalendaren for Trappeløpet som vart arrangert for 19. gong. Glopparen er til samanlikning 12 sekund raskare enn motbakke-idolet Jon Tvedt. Samstundes er han berre 20 sekund bak løyperekorden som Thorbjørn Ludvigsen sette i 2011.
I dameklassa vann Karoline Holsen Kyte frå Førde på tida 11,02. Dette er hennar tredje siger på rad i Trappeløpet. Andrine Blikken Haukøy frå Kyrkjebø vart nummer to på tida 11,40.
Totalt stilte vel 70 løparar i konkurranseklassa, og totalt var det omtrent 300 deltakarar på årets Trappeløp.