Klar for ny klubb: – Kven takkar vel nei til det?

REISER: Elise Thorsnes frå Leikanger reiser til Australia i ti veker i vinter.

REISER: Elise Thorsnes frå Leikanger reiser til Australia i ti veker i vinter. Foto:

Elise Thorsnes (31) er ifølge TV 2 klar for ny klubb. Først skal sogningen avslutte sesongen i LSK Kvinner.

DEL

Romerikes Blad: For ei dryg veke sidan fortalde Thorsnes at ho truleg forlèt romeriksklubben etter inneverande sesong. Måndag formiddag bekreftar angrepsspelaren overfor TV 2 at ho held fram karrieren i Australia.

– Det følast veldig bra. Eg hadde eit helt fantastisk opphald der sist. Ligaen er veldig profesjonell og eg har vel aldri vore så bra trent og hatt det så fint før, seier Thorsnes til TV 2.

Blir «gjestespelar»

Ifølge tv-kanalen skal 31-åringen vere ein såkalla «gjestespelar» i Canberra United. Det er same klubb som Thorsnes spilte for i 2017. Ifølge TV 2 er det snakk om ein ti veker lang kontraktsperiode.

Thorsnes fullfører sesongen med LSK Kvinner før ho set seg på flyet til Australia.

– Motivasjonen er å sleppe ein kald vinter og oppkøyring i Norge. Ti veker i Australia om vinteren, kven takkar vel nei til det? Eg har vore der før og veit kva eg får både på og utanfor banen, seier Thorsnes til tv-kanalen.

– Trenger ny input

Etter å ha slått Sandviken for drygt éi veke sidan sa Thorsnes følgande om framtida til Romerikes Blad:

– Eg føler eg er blitt såpass gammal at eg treng noko meir input og ansvar enn berre å spele i Toppserien. Eg må ha noko meir som motiverer meg. Så viss nokon tilbyr meg ei god kontrakt, blir det nok ein tur ut i verda igjen, uttalte Thorsnes, som sleit med skader før ho kom til LSK Kvinner.

Trener Hege Riise var då også førebudd på at angriparen forsvinn.

– Det blir nok veldig vanskeleg å behalde Elise. Det er vi klar over. Men for augneblinken er ho den einaste spelaren det ser ut som ikkje blir med vidare, sa Riise.

Artikkeltags