Gå til sidens hovedinnhold

- Leik, teknikk og taksteinknusing

Artikkelen er over 17 år gammel

Den unorske kampsporten Taekwondo har fått fotfeste i Sunnfjord. Førre veke arrangerte Brandbu den tradisjonelle sommarfestivalen. Svart belte og knusing av takstein var noko av det som gjorde at fylket sine deltakarar markerte seg.

Taekwondo er ein koreansk kampsport. At det vil seie at ein automatisk må vere slåstkjempe er langt ifrå sanninga.

-Vi fokuserer på at dette skal vere noko for alle, anten ein vil ha det kjekt eller konkurrere, seier instruktør i Sunnfjord Taekwondo, Thomas Tordal.

Sjølv om det er om lag 70 medlemmer i den lokale klubben, meiner han potensialet er større.

-Eg trur ein del ikkje heilt torer å utforske kva dette er. Folk kjenner for lite til det, seier Tordal, og legg til at dei sjølve må bli betre på å fronte idretten.

Til hausten skal dei ha fleire oppvisningar i sentrum og i Førdehuset.

Betre konsentrasjon

Medan ein i andre idrettar ser eit stadig jag etter å bli best, så er Taekwondo meir individuelt, og utøvarane gjer det dei sjølve ønskjer å få ut av sporten.

-Nokre i klubben har vore relativt dårleg trente når dei har byrja, andre har vore stive som stokkar, men det er ikkje noko problem, seier den 24-årige instruktøren.

Alder er heller ingen hindring. Sunnfjord Taekwondo, som trenar på Flatene skule i Førde, har medlemmer i både barneskule- og vaksen alder. Og resultatet er nærast udelt positivt.

-Vi har fått tilbakemeldingar på at både born og eldre konsentrerer seg meir og er rolegare etter at dei byrja hos oss, seier Tordal.

Knusing av takstein

Unnateke eit par avbrot har Fredrik Gulhaugen drive med sporten sidan oppstarten av Sunnfjord Taekwondo i 1996.

26-åringen frå Svelgen var ein av elleve frå klubben som var med på sommarfestivalen. Han besto testen til første grad av svart belte, Thomas Tordal besto andre grad. Det er ni graderingar innan svart belte.

-Det er vanskeleg, men kunne gjerne vore endå litt hardare å bestå testen, smiler Gulhaugen.

Under MuJe-konkurransen, ein 5-kamp der laget vel ut utøvarar i kvar grein, imponerte Gulhaugen. Han var med i «Power-breaking», som er knusing av flest mogleg takstein på eit slag.

Føre fleire hundre tilskodarar makta han å knuse 14 stein, seks betre enn eigen personleg rekord.

Adrenalinet pumpa

-Det var noko med stemninga, adrenalinet som pumpa og alt det der, smiler Gulhaugen.

Han vann si øving og legg ikkje skjul på at der ligg ein del trening bak.

-Ein må ha litt krefter, men teknikk er endå viktigare, seier 26-åringen.

Sunnfjord Taekwondo enda totalt på tredjeplass.

-Veldig overraskande resultat sidan det var første gong vi deltok i konkurransen, avsluttar ein glad Svelgen-utøvar.

« Ein må ha litt krefter, men teknikk er endå viktigare», Fredrik Gulhagen, Taekwondo-utøvar frå Svelgen.