Langrennseliten til Skåla Opp

Odd-Bjørn Hjelmeset og dei andre landslagsstjernene skal springe Skåla Opp 16. august.

Odd-Bjørn Hjelmeset og dei andre landslagsstjernene skal springe Skåla Opp 16. august. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Landslagstrenar Morten Aa Djupvik tar med seg landslaget.

DEL

Arrangøren kan i dag, onsdag, stadfeste at landslagstrenar Morten Aa Djupvik tar med seg Petter Northug, Eldar Rønning, Anders Aukland, Tor Arne Hetland, Simen Østensen, Øystein "Pølsa" Pettersen, Morten Eilifsen, Roger Aa Djupvik og Odd-Bjørn Hjelmeset til årets motbakkeløp i Loen 16. august.

Tar opp kampen

Skiløparane vil ta opp kampen mot landets beste motbakkeløpar, Jon Tvedt, og verdas beste, Jonathan Wyatt, frå New Zealand, skriv løpsleiar Erik Brendefur i ei pressemelding.

550 påmelde

Det er sett ei grense på 600 deltakarar i konkurranseklassen, og i dag er det heile 550 påmelde.

Ein kan framleis melde seg på konkurransen, i følgje arrangøren.

Artikkeltags